Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Kjetil Holand Tøsse
Kjetil har storspelt på 2. laget til MFK, også etter at han kom tilbake etter bruddet i ankelen
Fotograf: MFK
Kjetil har dette året også vore i Sogndal for prøvespeling der fotograf MFK
Fotograf: Aafk
Vibeke, saman med Peter Orry Larsen og Sten Grytebust, Aafk fotograf Aafk
Fotograf: MFK
MFK sine damer held høgt nivå og Vibeke fekk også gleda av å gå heilt til topps under årets utgåve av Norway Cup fotograf MFK
Fotograf: Hallgeir Hove
Jenter som kjem langt på fotballbana har ofte noko til felles, nemleg at dei har spela mykje i lag med gutar fotograf Hallgeir Hove

Kulturstipend til Kjetil Holand Tøsse og Vibeke Nyli Innselset

Då har vi gleda av å kunne annonsere at dei to talentfulle fotballspelarane, Kjetil Holand Tøsse og Vibeke Nyli Innselset er tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend for 2015. Dei spelar begge for MFK og satsar verkeleg målretta for å utvikle seg innan idretten sin. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.12.2015

I retningslinjene for utdeling av stipendet står det mellom anna at stipendet skal delast ut til einskildpersonar – born/ungdom frå Stordal kommune i alderen 12 – 25 år, med eit særskilt talent, som syner god kvalitativ utvikling og legg ned stor innsats for å utvikle sin dugleik.

Når ein studerer rekka av tidlegare stipendmottakarar ser ein at Stordal kommune har fostra mange unge og lovande talent. Dei tidlegare tildelingane speglar også eit rikt kultur- og idrettsliv. Innan idretten har det lenge vore alpint, langrenn og hopp/kombinert, som har fostra dei største talenta, men ein har også døme på at det innan t.d. fotball finnast unge som vel å satse utover det vanlege og som også har kome opp på eit særs høgt ferdigheitsnivå, trass sin unge alder. Dette har resultert i at det har opna seg muligheiter for dei til deltaking på lag som held særdeles høgt nivå. Ved si satsing og sin suksess, har desse unge også gjort det synleg for alle, at det er fullt ut mogleg å nå eit høgt ferdigheitsnivå innan idretten sin, sjølv om ein kjem frå ein liten klubb.

Til liks med det som gjeld for tidlegare år, både mht kulturstipend og kulturpris, vil det alltids kunne vere slik at det er fleire gode kandidatar og slik sett fleire som kunne blitt trekt fram. Men likevel er det nok rett å hevde at det er spesielt to unge som har utmerka seg og som difor fortjener å bli vurdert opp imot ei slik tildeling i 2015. Det er sjølvsagt også ekstra gledeleg å registrere at det er ein gut og ei jente det er snakk om. Felles for dei begge, er det altså at dei til dagleg spelar på Molde FK, noko som i seg sjølv seier det meste. Felles for dei to er det vidare at dei kan sjå attende på ei alpinkarriere der dei fekk vist at dei var fullt på høgde med dei beste utøvarane i Norge.

I løpet av 2015-sesongen har Kjetil Holand Tøsse (19 år) hatt sin debut på 1. laget til Molde. Sjølv om dette var i treningskamp, seier det like fullt mykje om kva nivå Kjetil har kome opp på. Han har imponert stort på Molde sitt 2. lag denne sesongen og for den som kjenner til stallen til Molde, så veit ein at dei «nest beste» der held særs høgt nivå. Ekstra imponerande, for Kjetil sin del, vert dette når vi veit at han for nokre år tilbake skada seg alvorleg i samband med alpintrening. I tillegg nemner vi også at han for kort tid sidan også gjennomgjekk ein operasjon i ankelen sin. Kjetil har vist at han kjem tilbake, uansett. Det kan også nemnast at han har vore på prøvespel i eliteserieklubben Sogndal i løpet av dette året. Før Kjetil gjekk til MFK, var han naturlegvis sentral på stordalslaget og var også sterkt delaktig til at Stordal sine gutar gjekk heilt til topps under Futsal-KM i jubelsesongen 2012 

Vibeke Innselset (17 år) kan vise til at ho sist sommar vann juniorklassa i Norway Cup og slik sett er ho nok ganske så historisk i fotballsamanheng her i Stordal. Også ho spelar på Molde FK og då både på juniorlaget og på damelaget. Vibeke har tidlegare også vore innom dei beste klubbane på Sunnmøre, nemleg Fortuna og Herd. Til liks med Kjetil viser ho ei enorm treningsvilje og for Vibeke sin del har dette handla om at ho i tillegg til treningane med dame/junior, også deltek på treningar i regi av Stordal sitt senior herrelag, juniortreningar o.l. For dei som er ein del på Kirkebø Stadion, så veit ein også at det ikkje er uvanleg å sjå Vibeke i aksjon også på eiga hand, der målet heile vegen er å bli best mogleg innan idretten sin.

Felles for dei begge er det altså at dei innan idretten sin (eller idrettane sine, om ein vil) har utmerka seg i særs stor grad. Dei har gjennom sine prestasjonar vore med på å sette Stordal kommune på kartet og vidare er dei - av same grunn - viktige føredøme for dei mange unge fotballspelarane i Stordal.

Vel vitande om at det i Stordal kommune finnast mange talentfulle unge, trur vi like fullt det er brei semje om at de verkeleg er på sin plass å tildele kulturstipendet til desse to særs talentfulle og ambisiøse ungdomane.

Det har blitt ein fast tradisjon å nytte Årsfesten for Stordalshallen til å overrekkje og heidre stipendmottakarane skikkeleg. Ein tek sikte på å gjere det på dette viset også denne gongen.

Ordninga med å tildele kulturstipend strekkjer seg heilt attende til 2002 og difor også kjekt å ta eit tilbakeblikk på tidlegare tildelingar. Det viser at Vibeke og Kjetil er i godt selskap og ikkje minst er dette eit bevis på at vi verkeleg har grunn til å vere stolt av ungdomen i Stordal kommune. Og då tenkjer vi så absolutt ikkje berre på dei som har motteke kulturstipend.

Vi gratulerer mottakarane av Stordal kommune sitt kulturstipend 2015. De har begge to fått vist til fulle at det er mulig å nå langt også innan fotballidretten, sjølv om ein kjem frå ein relativt liten klubb. Ja, for så vidt også i tillegg til at de begge også satsa på - og gjorde det rett så skarpt - innan alpinsporten i mange, mange år. Imponerande!

Saman er de så absolutt også flotte ambassadørar for Stordal kommune og vi er særs stolte av dykk! Gratulerer!




   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Grøn, våt mose i Jolbotnen
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS