Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Ida Moltu Staurset
Området ved brua til Kvitlanestølen er ein idyllisk leirplass. Her er Hasib, Adrian, Magne og Kristoffer, i full sving med å sette opp ein lavvo. fotograf Ida Moltu Staurset
Fotograf: Bjørg Moltu
Kristofer Olai, Jenny Kristin, Ida og Kristina Malene, spikkar grillpinnar. fotograf Bjørg Moltu
Fotograf: Ida Moltu Staurset
Vegard, Geir Marius, Tommy, Eirik, Erika og Adrian kosar seg rundt bordet på leirplassen. fotograf Ida Moltu Staurset

Ungdomsklubben på overnattingstur i lawo og telt.

Laurdag 9. september arrangerte ungdomsklubben overnattingstur til Kvitlane, på Langsætrane. Det var telt og lavvo som vart nytta og det var god deltaking og særs triveleg.
Heile 17. ungdommar samla seg på leirstaden laurdag ettermiddag. Bjørg Moltu (folkehelsekoordinator) hadde lånt inn 2 lavvoar frå friluftsrådet og ungdommane hjelpte til med å sette opp desse. Då ein hadde fått alt under tak hoppa dei barskaste av deltakarane rett i elva. Dette var ein forfriskande, men også kald fornøyelse, så det vart med den eine gongen.

Om ettermiddagen og kvelden hadde ein sosialt samvær ved leirbålet og i lavvoane. Det vart grilla pølser og alle kosa seg. Bålkjelen var i aktivitet heile tida og det var godt å varme seg på ”rett i koppen.”

Det er nokså magisk å vere på ein leirplass når det mørknar. Det vanka både spøkelseshistorier, vitsar og allsang. Det vart tid til felles leikar og kortstokkane var også flittig i bruk.

Soveposetid var sett til kl. 01.00. Og då vart det stilt! På sekundet!
Magne Staurset og Bjørg Moltu, som var med som vaksenkontakter var imponert og takksame. Dei kunne trygt krype inn i teltet sitt og ned i soveposane. Dei fekk seg ei god natts søvn.

Ungdommane var tidleg oppe neste morgon, og var klar for frukost før Bjørg hadde tørka søvnrusket ut or augo. Magne ordna opp med varm drikke, og tedde seg omtrent slik som bestemora til ein av ungdommane.

Etter frukost var det fisketur i elva for dei som hadde lyst til det. Det var smått med fangst, men dei to fiskane dei fekk vart steikt på bålet, slik at alle som ville fekk smake på. Somme hadde ikkje ete kre før, men våga seg likevel frampå, sjølv om den hadde både bein, skinn og spor!

Det er all grunn til å tru at ungdomane hadde ei fin fellesskaps- og naturoppleving dette døgnet dei var saman ved leirplassen på Langsætrane.

Les meir om Stordal Ungdomsklubb, under "kultur og fritid" på heimesida vår.






   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Dei store bustadfelta zooma frå Storheimshornet 02.10.2010  | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Hovslia og Vinjehjellane
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS