Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Bjørg Moltu
Terese, Jenny Kristin og Ida i sving med å lage grafitti. fotograf Bjørg Moltu
Fotograf: Bjørg Moltu
Terese, Ida og Lars Eivind klare til å lage grafitti mot narkotika. fotograf Bjørg Moltu
Fotograf: Bjørg Moltu
Mats Rune lagar grafitti. fotograf Bjørg Moltu
Fotograf: Bjørg Moltu
Terese, Elin og Ida held fram ein av plakatane til bilane som passerer. fotograf Bjørg Moltu
Fotograf: Bjørg Moltu
Sondre, Marte, Marianne, Lisa og Terese i aksjon. fotograf Bjørg Moltu

Vellukka aksjonsveke mot narkotika.

I veke 42 var det aksjonsveke mot narkotika, og Stordal Ungdomsklubb gjennomførte fleire arrangement for å vere med på å sette fokus på kampen mot narkotika. Det vart ei travel veke, men ungdomane sat att med ei god kjensle av ha gjort noko verdifullt i kampen mot narkotika.

I aksjonsveka gjennomførte Stordal Ungdomsklubb følgjande arrangement:

Graffiti mot narkotika.

Onsdag 18.10.06 kl. 18.00, samla ungdomane seg ved lasterampen på Helland Møbler. Ungdomane formidla sine tankar og haldningar på lerret. Om lag 20 ungdomar møtte fram og deltok aktivt i prosessen med bileta.

Temakveld med gratis pizza og brus.

Onsdag 18.10.06 kl. 20.00, var det klart for temakveld i lokala til Stordal Ungdomsklubb. Temakvelden starta med eit velfortent måltid med pizza og brus. Folkehelsekoordinator Bjørg Moltu presenterte nettspelet ”Du er Ida, Ida er deg.” Somme av ungdomane hadde allereie prøvd ut dette interaktive videonettspelet. Somme hadde og erfart at det å seie nei takk til hasj ved å kaste hasjen utpå dansegolvet ikkje var eit godt val.

Helsesyster/Psykiatrisk sjukepleiar Arna Øvrebust deltok også på temakvelden. Ho fortalte og las utdrag frå boka ”Siste skudd” av Gunnar Ringheim. Denne sanne historia om idrettsungdomen Terje som vart narkoman og som døydde av ei overdose, gjorde eit sterkt inntrykk på ungdomane. Arna Øvrebust informerte også om Helsestasjon for ungdom.

Under temakvelden var det ein god dialog mellom ungdomen og dei vaksne omkring temaet narkotika. Mange viktige spørsmål vart stilt frå ungdomane si side, tankar som seier noko om at dei er klar over at dei vil kome i situasjonar der dei må ha mot til å seie nei.

Tut-aksjon i Stordal sentrum.

Laurdag 21.10.06 kl.12.00 samla eit 20-tals ungdomar seg til Tut-aksjon i Stordal sentrum. Med bannarar og plakatar oppfordra dei forbipasserande bilar om å tute dersom dei støtta Aksjonsuka mot narkotika. Dei aller fleste som køyrde forbi dei tuta, og det vart mykje lyd i Stordal sentrum denne føremiddagen. Det var artig å oppleve alle måtane det vart tuta på. Det var kraftige tut og lystige tut. Det var lange tuuuuut, og det var rytmiske tut.
Det var underleg å oppleve kor tydeleg eit bodskap eit tut kan gje!

Det var ein forbipasserande som køyrte sakte forbi og som rista demonstrativt på hovudet då han passerte ungdommane.

Avduking av Graffitibilete.

Laurdag kl. 20.30. var det offisiell avduking av dei flotte graffitimåleria i lokala til Stordal Ungdomsklubb.
Det var Elida Hove som avduka graffitimåleria. Om lag 15 ungdomar var til stades under avdukinga, og det vart servert brus. Frå sin sentrale plass i klubblokalet lyser no graffitibileta mot oss og minner oss alle på at vi alle er med på å skape eit trygt og aksepterande miljø. Det minner oss og om at det er lov å bry seg, at det er viktig å bry seg, og at det er viktig å ha mot til å seie nei.

Les meir om Stordal Ungdomsklubb, ved å gå inn på linken nedanfor. Ein viser elles til arkivdelen, der ein kan finn stoff om tidlegare arrangement i ungdomsklubben sin regi.







   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Gjennom Kokarsteinen
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS