Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Magne Staurset
Leiaren for Stordal Ungdomsklubb, Elin Storheim. fotograf Magne Staurset
Fotograf: Magne Staurset
Eirik Nakken Nilsen og Kristoffer Nitter Joranger prøvar ut kajakken. fotograf Magne Staurset
Fotograf: Magne Staurset
Lene Busengdal i aksjon. fotograf Magne Staurset
Fotograf: Magne Staurset
Mads Rune Larsen var ein av mange, som nytta høvet til å padle denne veka. fotograf Magne Staurset
Fotograf: Hallgeir Hove
Badeplassen ved småbåthamna er ein idyllisk stad, som fleire kajakk-padlarar har oppdaga. Biltetet er frå eitt av mange besøk av utanlandske padlarar den siste tida. fotograf Hallgeir Hove

Ungdomsklubben med kajakk-veke.

Stordal Ungdomsklubb har denne veka lånt inn 6 kajakkar frå Friluftsrådet for Ålesund og omland. I ei elles så hektisk tid med dugnadsinnsats "over alt", har ein altså klart å gjennomføre eit vellukka opplegg der mange av dei unge har fått prøve ut denne flotte aktiviteten.
Denne veka har Stordal Ungdomsklubb lånt inn 6 kajakkar frå Friluftsrådet for Ålesund og omland.

Trass i høg dugnadsaktivitet med m.a. kunstgrasbane, førebuing til Stordalscup og mykje anna, klarte ein å avvikle fleire økter med padling i området ved småbåthamna.

Primus motorar har vore folkehelsekoordinator, Bjørg Moltu, og kajakk- entusiastane Elin Storheim og Lene Busengdal. Dei to ungdommane rydda naust og la til rette for lagring av kajakkar og utstyr, og dei stilte opp som instruktørar for ungdomar som ikkje hadde padla før. Mange ungdomar fekk seg ein ufrivillig dukkert, og somme tok ein frivillig dukkert ved å øve på meir eller mindre vellukka eskimoruller.

Det har vore aktive dagar med friluftsliv og fellesskap i småbåthamna i Stordal, og truleg vil Stordal Ungdomsklubb arrangere ei slik Kajakk-veke til hausten også.

Stordal Ungdomsklubb kan elles sjå attende på eit år med god aktivitet, der ein har fått gjennomført mange arrangement. Dei starta friskt i haust med lavvo-tur i langsæterområdet, og i oktober markerte dei Aksjonsveka mot Narkotika med ulike arrangement. Seinare vart det rusfritt Halloween-feiring, og ei helg med dataparty. I desember gjekk det aller fyrste ”Stordalstrøkk” av stabelen. Gjennom arrangementet ”Stordalstrøkk” fekk unge lokale musikarar ein ny arena, og ungdomen i indre fjordstrøk fekk ein ny møteplass. Konseptet konsert og diskotek var særs vellukka. 17. mai arrangerte Stordal Ungdomsklubb og Stordal musikkverkstad kulturkveld i Stordalshallen. Dette arrangementet var også eit kjempeløft, men ungdomane losa i hamn eit vellukka arrangement med varierte kulturinnslag. Arrangementet gav tiltrengte inntenkter til ungdomsklubben og musikkverkstaden. I tillegg skapte ungdomane ein arena der dei fekk høve til å vise fram mykje av det som røyver seg i musikkmiljøet i Stordal kommune.

Snart er det eit nytt klubbår. Eit nytt kull med ungdomar vil kome til, dei skal vere med og stake ut vegen vidare. Folkehelsekoordinatoren vil vere ein sentral medspelar også neste år.

Les meir om det ungdomsklubben har fått utretta nedanfor. Der finn du også link til meir info om ungdomsklubben og God Helse partnarskapet.




   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Grøn, våt mose i Jolbotnen
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS