Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stordal kommune sitt kulturstipend til lovande alpinistar.

Stordal kommune sitt kulturstipend for 2007 vert tildelt fire særs lovande utøvarar frå Stordal Alpin. Disse fire er: Jørgen Vinje Tøsse, Erika Holand Tøsse, Adrian Nakken og Vegard Busengdal.
Stordal kommune har sidan 2001, delt ut kulturstipend til einskildpersonar - born/ungdom som har synt eit særskilt talent, syner god kvalitativ utvikling og som legg ned stor innsats for å utvikle sin dugleik.

I løpet av disse åra er det fleire, som på denne måten har opplevd å få velfortent ros og eit synleg bevis på at kommunen set stor pris på det arbeidet som vert utretta. I tillegg til diplomet og sjekken med pengar, tel nok også det å få synleggjort utøvarane sin innsats ein heil del. Det er å håpe at dette er med på å gje ytterlegare motivasjon og inspirasjon.

I ei kommune som Stordal, der det skjer så mykje positivt innan både idrett og musikkliv er det liten tvil i at ei tildeling av kulturstipend heng høgt. Det ser ein også om ein kikkar på oversikta over dei som tidlegare er tildelt stipendet.

Tidlegare tildelingar:

2001:
Vebjørn Løfoll (alpint)

2002:
Jonas Lilleås Larsen (skihopp)

2004:
Maria Holand Tøsse (song/alpint)
Tommy Lianes (skihopp)
Sindre Holteleite (skihopp)

2005:
Kristina M R Stavseng (klassisk musikk)
Kristofer O R Stavseng (klassisk musikk)

2006:
Thomas Kirkebøe (fotball)
Silje Aasen (snowboard)


Bak prestasjonane til einskildutøvarar som dette, ligg det også eit enormt arbeid frå mange ulike hald. Ei tildeling av kulturstipend bør slik sett også kunne sjåast på som ein honnør til alle dei som i større eller mindre grad har vore med på å legge forholda til rette.

Vi har mange flotte unge og lovande talent i kommunen vår, dei ofrar mykje for å verte stadig betre. Gjennom målretta og knallhard jobbing, som resulterer i flotte prestasjonar, er dei også gode føredøme for andre og ikkje minst; særs gode ambassadørar for kommunen vår!

Med dette vil ein nok ein gong få gratulere Jørgen, Erika, Adrian og Vegard, med tildeling av Stordal kommune sitt kulturstipend for 2007. Utdelinga vil finne stad under Årsfesten for Stordalshallen, den 16. februar 2008.



 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Skulen zooma frå Storheimshornet 02.10.2010 | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Stordal skule
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS