Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Junior Big Band. Konsert i Stordalshallen, den 13. april 2008. fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Stordal skulekorps med kvalitetsheving. fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Stordal hornmusikklag vert berre betre og betre.... fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Mads Rune Larsen og Karoline Dyrkorn Alne, fekk tildelt medalje for 5 års deltaking i Stordal skulekorps. fotograf Ruth Janne Vinje

Øvingshelg og konsert.

Junior Big Band, Stordal skulekorps og Stordal hornmusikklag held ein flott konsert i Stordalshallen sist søndag.
Før konserten, søndag den 13. april, hadde det vore øvingshelg frå fredagskvelden. Musikantane i Junior Big Band budde ved Stordalshallen og Stordal skulekorps var vertskap. Foreldra til korpsmedlemmane sytte m.a. for at gjestane fekk både mat og drikke. I tillegg vart det også tid til ei økt på skytebana og å prøve ut klatreveggen, innimellom all øvinga. Etter tilbakemeldingane å dømme, var gjestane særs godt nøgde med det dei fekk vere med på denne helga.

Junior Big Band er det alltid kjekt å ha på besøk og det er eit høgt nivå på det dei framfører. Dei øvde inn 8 nye melodiar til konserten søndag. Jarle Hove (leiaren i Stordal skulekorps) fortel vidare at også skulekorpset har hatt ei markert kvalitetsheving siste halve året og han er full av lovord også om det hornmusikken presterer for tida.

Storfjordnytt har laga flott reportasje kalla "Korpskafe med gjester." Denne finn du link til, nederst.

Om du vil kan du lese meir om Junior Big Band. Sjå link nedanfor.
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Ingrid Gudmestad
Kyrkjeskipet i Rosekyrkja - etter rensing og ferdig konservering av front
Ingrid Gudmestad
Levert av ACOS AS