Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 14.12.2018
Open hall 5. juledag

At det er open hall 5. juledag, betyr slett ikkje at det ikkje skjer noko i Stordalshallen, sånn elles. Dei fleste har fått med seg at det vekslar mellom flotte arrangement og kjekke besøk der, heile året rundt. Men dei tre siste åra har vi altså sett av 5. juledag til å ta imot barn og unge (og vaksne og, for den del) slik dei kan få prøve seg på skytebana, i klatreveggen, på konkurransetrampolina, osv osv. Dette har vist seg vere veldig populært og derfor gjentek vi dette denne jula og.  

Publisert 13.12.2018
Kommunevåpenstordalnorddal

Det vert med dette kalla inn til møte i fellesnemnda 18.12.2018 kl. 17:00 på kommunehuset i Stordal.
 

Møte er open for alle. Klikk her for saksliste.

Publisert 13.12.2018
samund-vattoy2.JPG

Sæmund Vattøy er no på plass på teknisk sektor for Norddal og Stordal der han i hovudsak skal arbeide innafor kart og byggesakshandsaming.

Publisert 11.12.2018
Møbelarbeidaren

Då er tida koma, der mange uroar seg for at dei ikkje skal klare å kome i mål med julegåvehandelen. Då kan det vere greit å kjenne til at det på sørviskontoret vårt er mykje spanande. Dette kan i høgste grad verte det ein kan kalle for kortreiste julegåver, for mange.

 

 

 

 

 

 

Publisert 10.12.2018
Maciek Kaniecki - opptrer på utescena under Stordsalscup 2017

Stordal kommune har, mest utan unntak, kvart år sidan 2002, delt ut kulturstipend. Ser ein på oversikta over dei som har motteke dette, er det liten tvil om at dette er ei utmerking som heng høgt. At også tildelinga dette året er høgst fortjent, er det liten tvil i.

 

 

 

 

 

Publisert 10.12.2018
Julegrantenning 2018

 

Søndag 1. desember gjekk julegrantenninga av stabelen i Stordal sentrum og då etter mal frå tidlegare år. Det vert meldt om godt oppmøte både ved den flotte grana på Almenningen og ved frivilligsentralen etterpå. Det var niande klasse også i år, som stod som arrangør og dei fortel m.a. at alt av tombola-premiar gjekk med, noko som vel er eit godt teikn iallefall for dei dugande arrangørane.

Publisert 07.12.2018
Brukarmøte m/kurs i livredning des 2018

Tysdag 4. desember vart det obligatoriske møtet for alle gruppene som nyttar Stordalshallen i det daglege, gjennomført. Hovudtema denne gongen var livreddande førstehjelp og bruken av hjertestartar. Heile 19 personar deltok og i løpet av dei 2 timane Ronald Båtnes frå Simcare hadde til disposisjon fekk han lært frå seg mykje. Første halvtimen av møtet vart nytta til å gjennomgå branninstruks og viktige presiseringar når det gjeld instruksane for bruken av Stordalshallen.

Publisert 06.12.2018
Kommunevåpenstordalnorddal

Det vert lyst ut open konkurranse for kommunevåpen og ordførar kjede til Fjord kommune. Frist for innsending av forslag er fredag 1. mars 2019. Les meir her

Publisert 04.12.2018
Taekwon do januar 2018

Eit nytt år er snart omme og vi må få fordelt trenings- og øvingstidene, slik alt er klart til vi startar opp 2019 om kun fire veker. Normalt er det ikkje dei heilt store endringane frå dei tidene som gjaldt for hausten 2018, men enkelte blir det. Ber difor om at alle som ynskjer fast trenings- og/eller øvingstid i Stordalshallen frå nyttår av, søkjer om dette innan søndag 16. desember.

Publisert 30.11.2018
Adventskonsert i Stordal kyrkje 2018 - plakat

Til liks med tidlegare, byr også den siste månaden av dette året på ei rad flotte kulturarrangement. Først ute er julemessa i morgon (1. des) så er det julegrantenning på søndag (2. des), julekonsert med Big Valley Voices neste fredag (7. des), både førjulskonsert ved Stordalstunet og adventskonsert i kyrkja den 13., juleball ved ungdomsklubben den 15., juleavslutning ved Stordal skule den 19., Grendacup den 26., juletrefest på bedehuset den 28., open idrettshall den 29., for å nemne ein del av alt det som skjer.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Rosekyrkja
Rosekyrkja
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS