Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Strålande innsats av Maria & Co!

Maria Holand Tøsse og dei andre jentene i bandet Mellifluous Lunacy hadde stor suksess under Landsmønstringa av UKM i Trondheim, sist helg.
Mellifluous Lunacy, på scena
Gratulerer med strålande innsats i Trondheim og velkomen til Stordal og opningsfest!
Jentene hadde førebudd seg særs godt, der dei i tillegg til å ha laga nye kostymar til alle framføringane sine, også hadde eigenprodusert film i bakgrunnen.

Ei Landsmønstring i UKM byr på det ypperste av det ungdom rundt om i landet kan vise fram og difor er det ekstra kjekt å registrere at jentegruppa tok publikum med storm. Knapt noko anna innslag frå scena, opplevde så stor respons frå publikum, som nettopp Mellifliuous Lunacy!

"Ikkje på noko anna punkt i framsyninga var jubelen og applausen så sterk som då det melodiøse hardrockbandet entra scena. Mellifluous Lunacy (’Honningsøt galskap’) levde opp til namnet og applausen ved å balansere galskapen i sceneshowet, songteksta og musikken med sommarfuglinspirert styling og ei nydeleg, fleirstemt a capella-opning. I bakgrunnen vart det vist ein eigenlaga film som illustrerte bodskapen i songen ’Erase it all’." (Smp)

Media sin omtale av prestasjonen er også elles særs flott. Du kan lese fleire reportasjar i Sunnmørsposten ved å fylje linkane nederst.

På UKM si eiga heimeside, vil du også finne meir om både framføringa til Mellifluous Lunacy og mykje anna. (Sjå link nedanfor)

Vi vil få nytte høve til å gratulere Maria med ny strålande innsats! Tidlegare har jenta, som alle veit, også gjort sine saker særs bra i IDOL - konkurransen til TV 2.

NB!
På førstkomande fredag kan du oppleve jentene i Mellifluous Lunacy live, her i Stordal. Då skal nemleg dei vere eitt av fleire innslag i eit "musikalsk fyrverkeri", på utescena, i samband med opninga av Nye Kirkebø Stadion! (les meir om det heile ved å fylje linkane nedanfor)
 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Me-Skotet
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS