Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Dei fem faste representantane i Stordal Ungdomsråd (f.v.) Erika H. Tøsse, Ida M. Staurset, Lars Eivind N. Joranger, Kristoffer N. Joranger og Eline Vinje. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bjørg Moltu ynskjer velkomen til det historiske møtet. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Den gode oppslutninga frå dei unge var ekstra gledeleg, ikkje minst når ein veit kor mykje dei er opptekne med frå før av. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det nyvalgte styret, med dei mange unge i ryggen. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kristoffer og Eline vart veld som utsendingar til Ungdomens Fylkesting. fotograf Hallgeir Hove

Ungdomsrådet i Stordal kommune er på plass!

Torsdag den 16. oktober 2008 vert ståande som ein merkedag for kommunen vår. I løpet av eit særs vellukka ungdomsmøte i Stordalshallen kom nemleg det første ungdomsrådet i Stordal kommune på plass.
Godt over 30 ungdomar møtte opp for å vere med på opprettinga av ungdomsrådet og interessa for å vere med var stor. Totalt sett var det difor 15-16 kandidatar å velje mellom, for å fylle dei fem faste plassane i rådet.

Både ordførar og varaordførar var på plass denne kvelden og også dei kunne gle seg over det store og positive engasjementet frå dei unge.

Det heile starta med at Bjørg Moltu (folkehelsekoordinator) ynskte dei mange frammøtte velkomen. (Det er Moltu, som vil fungere som koordinator også for arbeidet i ungdomsrådet framover og saman med kulturkonsulent Hallgeir Hove stod ho bak organiseringa og gjennomføringa av møtet denne kvelden)

Bjørg Moltu ga ordet vidare til ordførar Charles Tøsse, som nytta høvet til å helse det nye ungdomsrådet velkome. Han var m.a. også inne på at ungdomen også tidlegare har hatt sine fora der dei har hatt høve til å kome fram med sine meiningar og syn, men at opprettinga av eit eige ungdomsråd gjev nye muligheiter til å få dette i endå meir strukturerte former. (Ungdomsrådet vil erstatte styret for Stordal Ungdomsklubb, som i si tid erstatte ungdomsnemnda)

På ein slik stor dag var ein også so heldig å få besøk frå våre gode naboar i Ørskog kommune. Der har dei hatt eit slikt råd i fleire år og det var nyttig å få høyre meir om korleis det heile fungerer hjå dei. Frå Ørskog kommune deltok Kristin T Amdam (kulturavdelinga), leiaren i Ungdommens kommunestyre, Kristine Reite, samt Andreas Skuggen (repr. i UK)

Oppslutninga frå dei unge var, som tidlegare nemnt, særs god og dette gjorde også til at sjølve valet av representantar til ungdomsrådet vart både spanande og omfattande. Det måtte fleire avstemmingar til, før ein hadde det endelege rådet på plass og det var fakstisk den siste stemma som vart lesen opp som avgjorde, ved eitt høve!


Dei faste representantane i Stordal Ungdomsråd vart:

Lars Eivind N Joranger (16-19 år)
Ida Moltu Staurset (16-19 år)
Kristoffer N Joranger (ungdomssteget)
Eline Vinje (ungdomssteget)
Erika Holand Tøsse (ungdomssteget)


Vararepresentantar vart:

Marte F Busengdal (16 - 19 år)
Kristofer Olai R Stavseng (16 - 19 år)
Knut Sivert Vikenes (16 - 19 år)
Ingrid Busengdal (ungdomssteget)
Mats Rune L Larsen (ungdomssteget)
Jørgen V Tøsse (ungdomssteget)
Petrine D Alne (ungdomssteget)


(ungdomsrådet vil få på plass leiarfunskjonane i konstituerande møte med det første)

I tillegg til sjølve opprettinga av ungdomsråd, nytta ein også høve til å køyre eit opplegg på kva dei unge syntest om tilrettelegginga for ungdomen i kommunen vår. På denne måten kunne ein kome fram til konkrete saker det nyoppretta rådet kan gripe fatt i. Her fekk dei unge høve til å kome med konkrete innspel og i tillegg fekk dei høve til å uttale seg på generellt grunnlag.

Når dei unge skulle svare på i kva grad dei synest det vert lagt til rette for ungdom i kommunen vår, var svaret særs oppløftande! Ei oppteljing av svara fordelte seg slik:

I særs stor grad: 12 stk
I stor grad: 17 stk
I liten grad: 1 stk
I særs liten grad: 0

Ikkje overraskande kanskje, at dei unge trekte fram dei gode tilboda innan idretten, med kunstgrasbane, skianlegg og idrettshall. Men i tillegg kom det også fram fleire andre sider ved det å vekse opp i kommunen vår, som var særs positivt. Gledeleg var det også å registrere at Stordal Ungdomsklubb var det einskildtiltaket som vart trekt fram flest gongar. Resultat som dette er naturlegvis særs oppløftande og tyder på at mykje vert gjort rett i kommunen vår. Samstundes er det viktig å streke under at dette ikkje må verte noko "sovepute" for oss. Det krevst ein innsats både i høve til å føre vidare alt det positive og samstundes er det alltid slik at ein kan verte betre.

Det vert spanande å fylje arbeidet til det nye ungdomsrådet i Stordal kommune framover. Gratulerer med dagen, alle saman!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Øvre Stordal.jpg
Øvre Stordal.jpg
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS