Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø
Jenny Kristin i aksjon under Stordal IL sin jubileumsfest nyleg. fotograf Bjørn Steinar Skarbø
Fotograf: Jan Roger Hauge
I samband med interkommunale ungdomstreff i Stordalshallen, har Jenny Kristin vore aktivt med, både på og utanfor scena. fotograf Jan Roger Hauge
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø
Ungdomens Kulturmønstring er ein av mange arenaer for Jenny Kristin. Her ser vi ho saman med eit anna talent som har motteke kulturstipendet tidlegare, nemleg Kristina Malene. fotograf Bjørn Steinar Skarbø

Jenny Kristin Langlo tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend 2008.

Sidan 2002 har kommunen delt ut kulturstipend til unge talentfulle utøvarar, som legg ned mykje tid og ressursar på å utvikle eigen dugleik. I løpet av disse åra er det mange talentfulle unge som har motteke dette stipendet og det er liten tvil i at utmerkinga heng høgt.
Jenny Kristin har i mange år gleda oss frå scena med sin song og musikk. Ho har vore med på særs mange arrangement, som t.d. fylkesmønstringane til UKM, kulturkveldane i regi av ungdomsklubben og musikkverkstaden, under Årsfestar, i samband med Stordalscup og elles i ei rad andre samanhengar. No sist var ho med og bidrog under idrettslaget si flotte jubileumsfeiring. Det som gjer det heile ekstra imponerande er at det ho framfører frå scena, i stor grad er musikk ho har laga sjølv!

Det er også klart at ho ynskjer å gå vidare i denne retninga når ho snart skal ta til med vidaregåande utdanning.

I tillegg til at ho er ein dugande utøvar innan song og musikk, har denne jenta også synt eit sterkt engasjement i arbeidet her for å skape møteplassar for dei unge. Dette gjeld naturlegvis også i høve til å få på plass arenaer der m.a. song og musikk kan framførast.

Stordal kommune vil med dette få gratulere stipendvinnaren og ynskje lukke til vidare!

(utdelinga av stipend m.m. vil finne stad under Årsfesten for Stordalshallen, laurdag den 28. februar 2009)

Les meir om stipendvinnaren også på Stordal skule si heimeside. Lenke nedanfor. Der finn du også lenke til tidlegare reportasje, for meir om utmerkinga.

I arkivet vårt finn de også reportasjar frå tidlegare års utdelingar.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Ikkje lett å ta bilde frå Stordal sentrum uten å få med kailageret! | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Eit sentrumsbilde
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS