Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Vegard Busengdal og Erika Holand Tøsse gjorde ein flott innsats som programleiarar. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Caroline Lervik i aksjon på scena. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: John Kristian Hjelle
Changeable Blocks. fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: John Kristian Hjelle
Alle deltakarane på scena. fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: Hallgeir Hove
Denne gjengen kan verkeleg sjå attende på ei flott lokalmønstring! fotograf Hallgeir Hove

Tidenes beste?

Lokalmønstringa av Ungdomens Kulturmønstring vart avvikla i Stordalshallen i går (søndag den 15. februar). Grendasalen var fullsett og dei frammøtte fekk verkeleg oppleve mykje flott frå scena. 10. klasse ved Stordal skule hadde ansvaret for arrangementet og sjølv om dette er ei relativt lita klasse, er det grunn til å påstå at dette vart eit arrangement som fortjener toppkarrakter!
Vi kjem attende med meir frå UKM med det aller første og vil då også presentere fleire bilder.

Men ein slags konklusjon så langt, må vere at arrangementet vart prikkfritt gjennomført og i tillegg kan ein med rette hevde at det finst mange talent innan song og musikk i kommunen vår. I går fekk vi oppleve både dei som etterkvart er blitt vande med å stå på scena (som Maria Holand Tøsse, Kristofer Olai Ravn Stavseng, Kristina Malene Ravn Stavseng og Jenny Kristin Langlo) og vi fekk stifte bekjentskap med mange nye talent. Det var heile 14 innslag frå scena denne gongen og det vart både variert, humoristisk og innhaldsrikt. I tillegg til dei mange frå vår kommune var det også med deltakarar utanfrå. Synne Fagermo (11 år) song vakkert, saman med Maria i eitt av innslaga, medan Kristofer og Kristina hadde "henta inn" forsterkningar frå sin "musikalske omgangskrets" i eit innslag av det meir eksperimentelle slaget. Her fekk ein oppleve dugande musikarar utfalde seg og diktlesing i innslaget kalla: "På reise med Nomadane-ute av boksen." Spanande og nytenkjande!

Samla sett, var det heile 25 deltakarar med denne gongen, noko som er særs gledeleg. (mange av dei var også med på fleire innslag!)

I tillegg til innslaga frå scena var det også to flotte utstillingsobjekt. Det er å håpe at endå fleire ynskjer å presentere arbeida sine under neste års lokalmønstring. Vi veit at det finst mange fleire talent også på dette området.

Vegard Busengdal og Erika Holand Tøsse gjorde ein framifrå jobb, som programleiarar. (Dagen før hadde dei begge sikra førsteplassar til Stordal Alpin i alpinløypene på Overøye. No var fartsdressane skifta ut med galla-antrekk) At gjengen i 10. klasse har "så mange jern i elden", gjer det ekstra imponerande det dei leverte på søndag.

I tillegg til alt anna som eit slikt arrangement inneber, var det også 10. klassingane sjølve som tok hand om lyd og lys. I første rekke var det Martin Flatmo Hove og Adrian Nakken, som stod for dette. (med litt hjelp og rettleiing frå Jan Roger og Peter i Stordal lyd og lys)

Ein jury beståande av: Eva Holmelid, Terje Aasen, Randi Mari Haugen og Marita Ekroll, hadde ein krevjande jobb når dei skulle vurdere alle dei flotte innslaga. Etter det ein forstår var denne jobben ikkje unnagjort før 2,5 timar etter at arrangementet var over. Når dei også møtte opp ein time før, vart dette ein 5-6 timars jobb, men så er det nok særs gjevande å få oppleve så mykje bra også då!

Avslutningsvis er det på sin plass å gratulere arrangørane med det flotte arrangementet og sjølvsagt også rette ei stor takk til foreldre og alle andre som var med og bidrog. Sist, men ikkje minst, takkar ein alle deltakarane for den flotte opplevinga vi som publikum fekk vere med på. Ein oppmodar alle saman til å halde fram med dette. (og kanskje sat det andre unge i salen, som fekk ekstra motivasjon og lyst til å delta ved neste høve?)

Ein nyttar også høve til å takke verksemdene som støtta opp om arrangementet, slik at alle som deltok fekk sin velfortente gåvepremie. Disse verksemdene var: Vad, Helland Møbler, Stordal Møbler, Stordal IL og Stordalshallen.

Ein må også få med at COOP samarbeider tett med UKM, både nasjonalt og lokalt, som hovudsponsor for UKM.

Vi kjem som nemnt attende med meir frå UKM seinare, men har du lyst kan du kikke på bilder frå arrangementet på Sunnmørsposten si nettsida. (lenke nedanfor)

Sjå også førehandsreportasjar i arkivet vårt og les alt om UKM ved å fylje lenka nederst.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stordal flyfoto
Stordal flyfoto
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS