Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Bygdebladet, Ruth Janne Vinje
Lars Kaggerud og korpset mottek velfortent applaus. fotograf Bygdebladet, Ruth Janne Vinje
Fotograf: Bygdebladet, Ruth Janne Vinje
Stordal skulekorps har dugande musikantar. Ingen tvil om det. fotograf Bygdebladet, Ruth Janne Vinje

Øvingshelg med konsert.

Stordal Skulekorps gjennomførte øvingshelg nyleg og også denne gongen inviterte dei til konsert, som avslutning.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.11.2009

Denne gongen var det ikkje med gjestande skulekorps, slik det har vore tidlegare på disse øvingshelgane. Men med dirigent Lars Kaggerud i spissen, gjennomførte dei øvingar både på laurdagen og søndagen og kl 18.00 var det altså klart for konsert i grendasalen.

Dei unge musikantane gjer sine saker særs bra og med litt kompstøtte, vart melodiane dei framførte både fengjande og flotte. Ekstra imponerande vert det heile, når korpset i dag tel 14 musikantar. I tillegg til fellesnummera, fekk publikum også gleda av å oppleve soloinnslag frå Martine Lorgen (klarinett), Jenny Marita Sørås og Trine Øvrebust (tverrfløyte)

På repertoaret denne søndagskvelden var m.a. "Mamma Mia", Diggi-loo diggi-ley" (ABBA). Vidare framførte korpset "I feel good" (James Brown), "Don´t get around much anymore" (Duke Ellington), "Killing me softly with his song" (Fox/Gimbel) og "Sydney summer."

Ein har tidlegare peika på den flotte innsatsen Lars Kaggerud legg ned og nok ein gong er det på sin plass å gje ros til. I tillegg til å kle sjølve dirigentrolla på ein utmerka måte, tek han gjerne opp instrumentet sitt sjølv og, og i tillegg er han ein skikkeleg inspirator.

I tillegg til flotte melodiar frå scena, kunne publikum kose seg med kaffe og kaker. Eige lotteri med fruktkorger og blomster, som premie, vart det også plass til.  

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Rosekyrkja
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS