Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Yoon, Helga og Sofie, med flott framføring av låta "It´s raining men." fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lady Writers, med solid besetning, gav oss "Sultans of Swing!" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Gitarjentene Gunn Eli, Amalie og Rebekka, i aksjon. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Tollvesenet (Ørskog kommune) var eitt av mange flotte bidrag frå nabokommunar. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Petrine og Paul Ivar gjorde ein flott jobb, som programleiarar. fotograf Hallgeir Hove

Lokalmønstring av ypperste merke!

Lokalmønstringa i Stordalshallen i går kveld var rett og slett ei stor oppleving. Frå scena fekk publikum sjå og høyre 11 innslag som verkeleg var av høg klasse og i tillegg var det fem deltakarar som stilte opp med flotte kunstobjekt. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.02.2010

Det brukar å vere mykje folk som møter fram for å få med seg disse arrangementa og i går var det ikkje noko unntak. Det er heller ikkje til å legge skjul på at publikum har forventningar når dei kjem. Dette skuldast naturlegvis at mønstringane brukar å vere særs flotte. Det er liten tvil i at det vi fekk vere med på i går føya seg inn i rekkja.

Det er ei kjent sak at vi har mange talentfulle unge her i vår kommune og i går fekk vi oppleve mange av dei i aksjon. Både tidlegare landsfinaledeltakarar som Jenny Kristin og Kristina Malene var med og det vil ikkje overraske om det dukkar opp fleire herifrå som når heilt dit.  

I tillegg er det ikkje å legge skjul på at det var særs flott det vi fekk oppleve av innslag frå nabokommunane Ørskog og Haram. Dei tre sceneinnslaga deltakarane frå Ørskog kommune stilte opp med held høg klasse. Både Tollvesenet og Freshness har musikarar vi garantert kjem til å få høyre meir om. Sjølv dei som evt. måtte meine at rockemusikk er travle greier, kunne ikkje unngå å legge merke til at dette var ungdomar som verkeleg kunne handtere instrumenta sine. Når Ørskog i tillegg stilte med ein Noregsmeister på trekkspel vart ikkje inntrykket dårlegare av den grunn. Frå Haram kommune deltok Haram Ungdomsteater. Innslaget deira hadde ABBA som tema og vi fekk oppleve stilige dansarar, samt Bjørn, Benny, Agnetha og Annifrid. Dei hadde også gjort seg ekstra føre med kulissar i tillegg til flotte kostymar. 

Ylva Mari Skavøy (teikning), Julia Krinica (teikning) og Eirin Renate Reite Wiik (maleri) var dei einaste herifrå, som hadde valgt å syne fram kunstverka sine. Dei fortjener takk for det og saman med Birger Balseth og Karoline Marken Smenes sine teikneseriar, bidrog dei til at publikum også kunne få med seg denne type innslag. Flotte var dei alle saman. Oppmodinga går igjen til alle dykk andre, som også har objekt å stille ut: Nytt høvet i samband med UKM, slik at flest mulig får glede av å oppleve kva dykk kan. 

Etter at mønstringa var over, samla ein alle deltakarane i grendasalen for utdeling av gåvepremiar. I tillegg til flotte premiar gjeve av det lokale næringslivet i Stordal, fekk alle dei over 40 deltakarane, samt juryen, t-skjorte frå Stordalshallen. Det vart også teke fellesbilde der. (sjå Stordalshallen sitt bildegalleri) 

10. klasse ved Stordal skule, med god hjelp frå foreldre og føresette, har all grunn til å seie seg nøgde med gjennomføringa. Det er også grunn til å håpe og tru at det kom inn godt med pengar til reisekassa deira.

Stor takk også til Peter Johansen og Jan Roger Hauge,som tok seg av lyden, assistert av Ole Henrik Nakken og Espen Vad (lys). 

Vi vil også trekkje fram den krevjande jobben utført av dei som sat i juryen. Det er ikkje enkelt å skulle vurdere så mange flotte innslag opp mot ein annan og i tillegg ligg det mykje arbeid i å lage til vurderingskommentarar til kvart og eitt av dei.

Gratulerer med vel utført oppdrag, alle saman!

I Stordalshallen sitt bildegalleri finn ein endå fleire bilder, slik at ein får presentert alle dei flotte sceneinnslaga og meir til. 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stikk UT!.jpg
Stikk UT!.jpg
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS