Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Lady Writers i aksjon. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jenny Marita klar til å opptre på Eidet. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Stordal Alpin
Vegard heim frå Sverige for å få med seg fylkesmønstringa. fotograf Stordal Alpin

Fylkesmønstring UKM på Vatne.

Førstkomande helg brakar det laus! Då er det nemleg klart for Ungdommens kulturmønstring (UKM) si fylkesmønstring på Vatne i Haram kommune.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.03.2010

Alt den 17. mars opnar utstillinga av deltakarane sine kulturgjenstandar på Eidet kulturhall.

- På den måten håper vi fleire får høve til å sjå den særs varierte utstillinga laga av ungdomane, seier UKM-ansvarleg i fylket, Else Marie Outzen, og UKM-konsulent Jonas Høgseth.

Sjølve mønstringa varer fra 19.-21. mars på hovedscena i Eidet kulturhall, mellom anna med 7 separate konserter. I tillegg vert det 3 mindre konsertar på Vatne sjukeheim, Brattvågsenteret og Kulturkaféen på Brattvåg. Vår eiga, Jenny Kristin Langlo, er ein av dei som skal delta på eigen konsert på Kulturkaféen.

Jenny Kristin skal sjølvsagt også i aksjon i samband med sjølve mønstringa, både som ein del av den spanande gruppa Lady Writers der også Adrian Nakken og Vegard Busengdal er med, og i tillegg har ho eit eige innslag. Frå vår kommune skal også Jenny Marita Sørås delta, så det er mange gode grunnar for å ta turen til Eidet kulturhall denne helga.

Les meir om både våre deltakarar og om fylkesmønstringa, ved å fylje lenkene nedanfor.

Det er verd å merke seg at Rebekka Bjørbekk (frå Haram) har steppa inn som erstattar for Kristina Malene Stavseng, då ho dessverre vart forhindra i å delta pga Italia-tur. Imponerande flott er det elles at Vegard Busengdal (FIS-løpar i alpint) har avslutta opphaldet sitt i Sverige, før alle renna der var ferdig, nettopp for å kunne delta saman med dei andre i gruppa Lady Writers!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

blåfjord
blåfjord
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS