Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Flott innsats under fylkesmønstringa!

Sist helg vart fylkesmønstringa av UKM avvikla i Haram kommune og deltakarane frå Stordal kommune, gjorde ein flott innsats.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.03.2010
Logo - UKM 2010
Logo - UKM 2010

Reiseleiar herifrå var Torill Brastad og ho kan fortelje at det var særs høg kvalitet på det ungdom i fylket vårt hadde å by på, i løpet av disse dagane. Det er ei stor oppleving å få med seg disse fylkesmønstringane og mønstringa i Haram var ikkje noko unntak.

Frå Stordal kommune deltok som kjent gruppa Lady Writers, Jenny Marita Sørås og Jenny Kristin Langlo. Jenny Kristin Langlo deltok både som ein del av gruppa Lady Writers og i tillegg med eige innslag. Ho held også minikonsert på Kulturkafeen. Adrian Nakken og Vegard Busengdal er dei to andre herifrå i gruppa Lady Writers. I tillegg bestod gruppa av Per Gunnar Ødegaard og Simon André Hjelle frå Norddal kommune, samt Rebekka Bjørbekk frå Haram kommune (ho steppa inn på kort varsel, etter at Kristina Malene Stavseng vart forhindra i å delta)

Om du vil sjå bilder og film frå fylkesmønstringa, kan du fylje linkane nedanfor. På UKM si side kan du m.a. oppleve Lady Writers i aksjon på scena. På NRK Møre og Romsdal sitt Nett TV, kan du få med deg Jenny Marita sitt innslag. (legg då merke til at du der må klikke eg inn på innslaget nedanfor, då ikkje rekkefølgja ser ut til å stemme heilt) I tillegg finn ein sjølvsagt ei rad bilder frå innslaga.

Under lokalmønstringa her deltok også Tollvesenet, Ferskness og Ingrid Johanne Fylling Nupen frå Ørskog kommune. Også disse ligg det filmopptak av på UKM-sida. Det samme gjeld for Haram Ungdomsteater, som også var med her hjå oss.

Dermed kan ein oppleve noko av alt det flotte på fylkesmønstringa, sjølv om ein ikkje var til stades. Men det er absolutt å anbefale å få med seg dette live!

No vert det spanande å få vite kven som vert plukka ut til å representere Møre og Romsdal, under Landsmønstringa seinare i år.

Vi vil rette stor takk til alle deltakarane som på ein slik flott måte representerte Stordal kommune under fylkesmønstringa og sjølvsagt takk også til Torill Brastad som tok på seg reiseleiarjobben.

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

blåfjord
blåfjord
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS