Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Endå fleire aktivitetstilbod!

Mental Helse Stordal starta, tysdag i denne veka, opp endå eit flott aktivitetstilbod. Dette tilbodet er for dei som vil gå kortare turar i roleg tempo frå sentrum og framover bygda med retur til sentrum. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.05.2011
Fotograf: Anna Margrethe Drægebø Moe
Ein del av dei som var med på den første trimturen, tysdag den 3. mai fotograf Anna Margrethe Drægebø Moe

På den flotte og alltid oppdaterte nettsida til lokallaget les vi at deltakarane på denne første turen var i alderen 70 år og oppover. Oppmøtet også vidare framover vert på allmenningen kl 12.00 og turane går kvar tysdag.

I tillegg til dette legg Mental Helse Stordal også opp til litt lengre turar. Måndag den 2. mai gjekk turen frå Overåneset og opp og neste måndag, går turen frå Liakaia.

Laget har også stått bak klatrekurs og mykje anna spanande og interessa for å ta del er god.

Om du ikkje har vore innom nettsida til Mental Helse Stordal, vil ein oppmode dykk til å gjere nettopp det. Du finn ho HER. Der kan du halde deg oppdatert på alt det som står på programmet framover og ikkje minst lese dei mange flotte referata frå aktivitetane.

 

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Vidhammer
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS