Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Elin Dyrkorn og Benny Gjelsten kosa seg på scena og det gjorde publikum i salen og! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Elin og Benny, saman med dei flinke unge solistane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dirigent Nick Ost og musikantane tek imot publikums sin hyllest fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Arild Hove mottok medalje for 40 års teneste i hornmusikken! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sofie, Jenny Marita, Emma Victoria og Helga, mottok femårs-medalje fotograf Hallgeir Hove

Suveren konsert

Stordal Hornmusikklag og Stordal skulekorps sin konsert i Stordalshallen sist laurdag vart ei stor oppleving. Solistane, Elin Dyrkorn og Benny Gjelsten, saman med sju unge jenter, bidrog også til at det vart skikkeleg musikal-stemning. Høgtidlege medaljeoverrekkjingar var også ein del av det heile, der m.a. Arild Hove mottok medalje for å ha vore med i heile 40 år.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.05.2011

Dei røynda musikarane i Stordal Hornmusikklag held fram med å imponere og det er liten tvil i at dirigent Nick Ost, som vekependlar frå Belgia, verkeleg får dei til å låte bra. I tillegg var også musikantar frå skulekorpset med og deira innsats gjer at det er grunn til å hevde at rekrutteringa er god. Sjølv om dei ikkje er så mange, er det iallefall veldig bra det dei presterer.

Det vart ein stor kveld i idrettshallen og i tur og orden fekk vi det eine flotte nummeret etter det andre. Musikken var henta frå kjende og kjære musikalar og med dugande solistar, som Elin Dyrkorn og Benny Gjelsten, let det særs bra. Sju unge jenter var også med som solistar og også dei gjorde sine saker bra. Desse var: Sunniva Hatlen Dyrkorn, Jenny Marita Sørås, Helga Løset Skodjereite, Vilde Lorgen Øvrebust, Josefine Dyrkorn Alne, Emma Victoria Græsmo og Hanna Sørås.

På konserten var det Peter Johansen som styrte lyden, medan Adrian Nakken sytte for lyssettinga, noko dei meistra godt. Dyktig programleiar var Anne Berit Løset.

Det var lagt inn ein pause midtvegs i konserten, der ein kunne kose seg med nydelege kaker, kaffe og anna godt. Eige loddsal og uttrekking av premiar vart det og tid til i pausen.

Det er all grunn til å takke arrangørane for ei flott oppleving og berre å byrje å gle seg til neste gong vi får oppleve dei. Konserten vart avslutta til ståande trampeklapp, noko som er det beste beviset på kor nøgde dei frammøtte var.

Medaljedryss

I samband med konserten var det også innlagt ein eigen seanse med høgtidleg overrekkjing av medaljar til dei som har vore med i skulekorpset i 5 år. Gjevaste overrekkjinga var likevel medaljen og diplomet som vart delt ut til Arild Hove, på vegne av Norges Musikkorps Forbund. Leiar i hornmusikken, Hilde Dyrkorn, saman med Ruth Janne Vinje, hadde den store gleda av å dele ut dette til Arild, som takk for 40 års teneste! 

GRATULERER ALLE SAMAN!

I Stordalshallen sitt bildegalleri vil vi legge ut 10 bilder til frå den flotte konserten. Galleriet for 2011, finn du HER.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Storvasshytta
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS