Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Edvin Eriksen frå kulturskulerådet, deler ut diplom. Til høgre ser vi kulturskulerektor Bjørnar Midtbust fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kristina nytta høve til å takke for stipendet og trekte også fram all den gode støtta ho har fått frå kulturskulen i Stordal fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ordførarar Charles Tøsse overrekkjer blomster til Kristina fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Publikum fekk også høyre Kristina spele og det var rørande vakkert fotograf Hallgeir Hove

Flott overrekkjing

I ei stappfull Rosekyrkje fekk Kristina Malene Ravn Stavseng overrekt diplom og blomster, som det synlege beviset på at ho er ein av dei som får tildelt Drømmestipend. Det heile skjedde i samband med opningskonserten til Kyrkjehola Kulturbeite, søndag kveld.
Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.06.2011
Det vart ei særs flott ramme kring utdelinga då det heile var lagt til opningskonserten til Kyrkjehola Kulturbeite. Ei stappfull kyrkje var klare for å få oppleve Helene Bøksle med fleire,  men først fekk dei på denne måten også høve til å gje sin hyllest til det store fiolintalentet.

Det var Edvin Eriksen frå kulturskulerådet, som stod for utdelinga av stipendet. I tillegg delte også ordførar Charles Tøsse ut blomster og takka Kristina for den store innsatsen ho har lagt ned i samband med spelinga si.

Kristina takka for stipendet og la ikkje skjul på at det vil kome godt med. Det er ikkje få turar ho har vore til Oslo dei siste åra, i samband med at ho har hatt undervisning ved Barrat Due. Ho trekte også fram den gode støtta ho har fått frå kulturskulen i Stordal kommune og då ikkje minst det at ho har fått høve til å ta fiolintimar i Ålesund, som ein del av kulturskuletilbodet.

Utdelingsseremonien vart avrunda med at Kristina spela eit vakkert stykke og det var liten tvil i at publikum likte denne aperitiffen, før sjølve konserten med Helene Bøksle starta. (sjå eigen reportasje)

For meir om Drømmestipend-tildelinga, viser ein til eigen reportasje. Den finn du HER
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

... med litt kraftig zoom... | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mosætra sett nedanfrå
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS