Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kulturstipend 2011

Stordal kommune kan kvart år dele ut kulturstipend til einskildpersonar - born/ungdom frå Stordal kommune i alderen 12 - 25 år. Tildeling kan skje til den som har eit særskilt talent, syner god kvalitativ utvikling og legg ned stor innsats for å utvikle sin dugleik innan ein sektor av eit vidt definert kulturomgrep. Fristen for å kome med innspel, er sett til den 1. november.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.08.2011
Fotograf: Stordal IL, langrenn
Martine Lorgen Øvrebust vart tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend i 2010 fotograf Stordal IL, langrenn
Heilt sidan Jonas Lilleås Larsen (skihopping) mottok kulturstipendet i 2002, har kommunen delt ut slik utmerking. Det er nok rett å hevde at kommunen har, og har hatt, uvanleg mange talent. Disse legg ned særs stor innsats for å utvikle eigen dugleik og mange av dei har bemerka seg såvel nasjonalt som internasjonalt. Det er også gledeleg å registrere at ein finn slike talent innan mange ulike områder av kulturlivet i kommunen.

Ser ein på oversikta over dei som har motteke denne utmerkinga fram til no, er denne det beste beviset på at kommunen fostrar mange talent.

Disse har tidlegare motteke Stordal kommune sitt Kulturstipend:

2002: Jonas Lilleås Larsen
2003: Vebjørn Løfoll
2004: Maria Holand Tøsse, Tommy Lianes og Sindre Holtleite
2005: Kristina Malene R Stavseng og Kristofer Olai R Stavseng
2006: Thomas Kirkebøe og Silje Aasen
2007: Erika Holand Tøsse, Vegard Busengdal, Adrian Nakken
og Jørgen Vinje Tøsse
2008: Jenny Kristin Langlo
2009: Geir Marius Øie

I 2010 var det Martine Lorgen Øvrebust som mottok stipendet.

"Så skal bygda framleis fager bløma, fostre søner dugande i ferd, fager ungdom som kan kaste søme, over heim og bygd i all si gjerd" (4. vers av Stordalssongen)

Nedanfor finn du lenke til meir informasjon om tildelinga.

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Dei store bustadfelta zooma frå Storheimshornet 02.10.2010  | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Hovslia og Vinjehjellane
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS