Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Rollespel - Oppmuntring og skryt fungerer betre enn kritikk og kjeft fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ingrid Løset, leiar i Mental Helse Stordal, ynskjer velkomen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dyktige elevar avslutta med song, saman på scena fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Elin, John Helge og Elisabeth fekk overrekt velfortente blomar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Per Gunnar Hamnøy, frå Barnevakten, fekk god kontakt med dei unge fotograf Hallgeir Hove

Fin markering av verdsdagen for psykisk helse

Ungdomssteget ved Stordal skule spela ei sentral rolle då verdsdagen vart markert i grendasalen, torsdag 3. november. I tillegg til mykje flott frå deira side, hadde også Per Gunnar Hamnøy (frå Barnevakten) mykje nyttig informasjon til publikum i høve til dette med bruk av dataspel, bruk av internett og anna.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.11.2011

Det var leiaren for Mental Helse Stordal, Ingrid Løset, som ynskte velkomen i ein fullsett grendasal. Etter det var det elevane på ungdomssteget sin tur. Her var det som vanleg slik at alle hadde førebudd seg til å bidra på ein eller annan måte, anten det no var i form av å ikle seg programleiarrolla, som del av rollespel, framføring av eigenprodusert musikk, sjølvlaga film el.l. Det var heilt klart at publikum verkeleg sette pris på det dei fekk oppleve frå scena og her var det ein god miks mellom ting verkeleg til ettertanke og humor. Etter at denne delen av markeringa var ferdig overrekte leiar Løset, velfortente blomar til dei tre lærarane, som hadde jobba med  prosjektet.

Barnevakten er ein organisasjon som gjev råd om barn sin bruk av medier og derifrå kom Per Gunnar Hamnøy. Gjennomgongen han hadde på dette viktige temaet vart veldig interessant, både for unge og eldre. Hamnøy fekk god kontakt med den yngre delen av publikum og gjennom dialog og ved å illustrere det han tok opp, på storskjermen, fekk han verkeleg fram poenga sine.

Ordførar Charles Tøsse fekk gleda av å runde av det flotte arrangementet, der han retta ei stor takk til det flotte arbeidet som Mental Helse Stordal legg for dagen. Sjølvsagt vart innsatsen til ungdomssteget trekt fram og sist, men ikkje minst, takka ordføraren Per Gunnar Hamnøy for interessant og nyttig foredrag.

For dei som enno ikkje har fått med seg at Mental Helse Stordal har ei særs flott heimeside, vert ein tur innom sida anbefala på det sterkaste. Det er Anna Margrethe Drægebø Moe, som lagar den eine flotte reportasjen etter den andre der. Du finn denne heimesida HER  Og sjølvsagt har ho også laga fin reportasje i etterkant av verdsdagsmarkeringa!

For fleire bilder frå det fine arrangementet, viser ein til Stordalshallen sitt bildegalleri. Det finn du HER

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Sentrumsstudie
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS