Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kulturstipend til Sivanja

Stordal kommune sitt kulturstipend for 2011 er tildet Sivanja Naguleswaran. Ho får stipendet takka vere si eineståande satsing innan indisk dans. Ho har nyleg bestått den siste av i alt 8 grunneksamenar og har dansa sidan ho var fem år.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.12.2011
Fotograf: Hallgeir Hove
Sivanja Naguleswaran tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend 2011 fotograf Hallgeir Hove

 



Det er liten tvil i at Sivanja er ein verdig mottakar av kulturstipendet. Det er ikkje få timar ho har lagt ned for å utvikle ferdigheitene sine innan dans og det høyrer med å trekke fram at det har blitt mange mil, fram og attende frå danseskulane ho har gått på i alle desse åra. Nyleg stod ho og systera Virusha bak ei flott danseforestilling i Ålesund. Dette var ei markering på at alle grunneksamenane var fullført. Les meir om Sivanja i fleire reportasjar vi har laga, den siste tida. Sjå lenker nedst på sida.

Stordal kommune har delt ut kulturstipend sidan 2002. Les meir om kven som tidlegare har motteke utmerkinga og meir om stipendet HER.

Det er liten tvil i at Stordal kommune både har, og har hatt, mange unge og lovande talent. Dei legg ned særs mykje tid for å verte best mulig. Mange av disse reiser lange avstandar, store delar av året, for å få til dette. Fleire vel vidare å ta vidaregåande utdanning, der ein har høve til å spesialisere seg innan si grein. Fleire har utmerka seg gjennom plasseringar heilt i toppen i nasjonale tevlingar og representerer Norge i internasjonal samanheng. Mange imponerer på scena lokalt, ein del deltek i regional samanheng og enkelte endåtil i nasjonal samanheng. Gode dømer på dette, i skrivande stund, er naturlegvis Jenny Kristin Langlo sin innsats i IDOL-konkurransen, samt Erika Holand Tøsse og Vegard Busengdal sine uttak til å køyre Europacup-renn for Noreg.

Ein kan altså trygt slå fast at det i kommunen vår fins mange unge og lovande talent, noko som fører mykje positiv med seg. Ikkje minst er dei er gode førebilete for andre og i tillegg er dei særs gode ambassadørar for kommunen vår.

Når Sivanja no er tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend for 2011, føyer ho seg fint inn i rekkja med verdige mottakarar.

Vi gratulerer!


Les meir om Sivanja i desse reportasjane våre:

Imponerande satsing på dans

Sivanja og Virusha med danseforestilling i Ålesund

Flott innsats under fylkesmønstringa 2011

Sivanja klar for landsmønstringa!

Flott lokalmønstring!

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Jøssvollbotnen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS