Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Dirigent Nick Ost, saman med korps, aspirantar og Charis fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Herdis og Jasmin fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Klarinettaspirantar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Skulekorpset fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Olivia og Mariell fotograf Hallgeir Hove

Skulekorpset med fin førjulskonsert på ungdomsklubben

Tysdag 13. desember inviterte Stordal skulekorps til førsjulskonsert ved Stordal ungdomsklubb. Eit særs vellukka opplegg, med veldig god publikumsoppslutning.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.12.2011

For dei mange frammøtte, vart dette ei veldig fin oppleving. Det er stas å få høyre kor flinke dei unge medlemmane i korpset er i ferd med å bli og naturlegvis kjekt å registrere at det er mange aspirantar klare til å ta steget vidare inn i korpset.

Anne Berit Løset var programleiar og losa oss fint gjennom eit program, der det også var innlagt ein pause med høve til å kjøpe seg kaker, kaffe og anna godt. Spanande var det sjølvsagt også at korpsnissen kom på besøk og alle korpsmedlemmar og aspirantar fekk seg førjulsgåve med nissen. Populært!

I tillegg til korps og aspirantar, fekk vi også høyre vakker song frå jentene i Charis.

Dette vart som nemnt ei fin oppleving for oss, og i tillegg er det absolutt grunn til å tru at dei unge musikantane sette stor pris på det heile. Kjempeflott!

Sjå eige galleri med fleire bilder på Barnas kommune si facebook-side HER

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Frå Jøssvollbotnen | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Posten skal fram!
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS