Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Elevar frå mellomsteget framfører juleforteljinga om snekker Andersen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Alle på mellomsteget med felles song fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Barnesteget på scena fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bjørnar Midtbust helsar Jenny velkomen heim og gir ordet til ordføraren fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sju jenter frå kulturskulen, saman med Elin Dyrkorn (t.v.) med avslutningsnummer fotograf Hallgeir Hove

Nærare 500 på juleavslutning!

Stordal skule si juleavslutning i Stordalshallen i går kveld, samla eit rekordstort publikum. Eiga markering av vår nye IDOL-vinnar, Jenny, var nok klart medverkande til dette.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.12.2011

Kvar ein einaste stol i idrettshallen var nytta i høve arrangementet i går og det var stort medieoppbud. Markeringa av Jenny sin eineståande innsats i IDOL 2011, vart gjennomført etter at skulen hadde framført sitt flotte program. (sjå eigen reportasje om dette) Tradisjonen tru var det opplegg i Stordal kyrkje i forkant av arrangementet i hallen og også der fekk vi oppleve dyktige elevar i aksjon. I og med at det var lagt opp til ei markering for å heidre Jenny, valgte ein å kutte ut gong rundt juletreet denne gongen. Rektor, Bjørnar Midtbust, kunne fortelje at dette resulterte i at heller ikkje nissen ville kome! Men kva gjorde vel det, når vi fekk Jenny i staden for!

Det var mellomsteget som hadde hovudoppsettinga denne gongen, der temaet var henta frå forteljinga om snekker Andersen og julenissen. Det var ei særs flott framføring og ganske enkelt imponerande, både i høve til det elevane synte fram på scena, arbeidet som var nedlagt i høve til kulissar, i høve til lyd og lys og anna. Liten tvil i at det er mange som har jobba godt i vekene før framsyninga. Stor ros til både lærarar og elevar, som bidrog til denne flotte opplevinga for publikum.

Flott var det også å få oppleve den talrike gjengen frå barnesteget, då dei entra scena og framførte vakker song. Det same må seiast om ungdomssteget. I samband med at dei var på scena, nytta rektor Bjørnar også høve til å fortelje oss at dette var elevar med resultat heilt i landstoppen karaktermessig (resultat på nasjonale prøvar), noko som sjølvsagt også hausta stor applaus. Les meir om dette HER

Avslutningsvis på denne delen av arrangementet, nytta rektor høve til å takke alle som hadde vore med å bidratt til at ei ny flott juleavslutning var vel i hamn. Som alltid er det slik at absolutt alle elevane og lærarane er med. Dei elevane som ikkje står på scena gjer viktig jobb, anten saman med lydsjef Odd Einar Kalvø, i form av å styre lyssettinga eller anna.

På vegne av ein fullsett Stordalshall, rettar vi stor takk til Stordal skule for å ha fått vore med på nok ei fantastisk juleavslutning!  

Om du vil ta deg eit lite tilbakeblikk på flotte juleavslutningar tidlegare år, finn du meir HER  


   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

... med litt kraftig zoom... | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mosætra sett nedanfrå
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS