Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vel fortent pris!

Mental Helse Stordal kan vise til eit imponerande aktivitetsnivå, med ei rad spanande aktivitetar på programmet. I tillegg har lokallaget også fått på plass ei særs flott heimeside og sjølvsagt er dei å finne på facebook. Primus motor for mykje av dette er Anna Margrethe Drægebø Moe. Mange har lagt merke til arbeidet ho legg ned og nyleg vart ho også tildelt pris for sin flotte innsats. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.04.2012
Fotograf: Mental Helse Stordal
Anna Margrethe Drægebø Moe (t.v.), saman med Arna Øvrebust, på toppen av ruggesteinen fotograf Mental Helse Stordal

Det er Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon Møre og Romsdal (FFO Møre og Romsdal), som no har overrekt pris til Drægebø Moe. Utmerkinga har fått tittelen Inspirasjonsprisen og denne vert delt ut ein gong pr år. I tillegg til sitt aktive engasjement for lokallaget i Stordal, vert det også peika på at ho også gjer ein flott innsats for fylkeslaget i Møre og Romsdal.

Les meir om sjølve pristildelinga HER

Om du enno ikkje har vitja nettsida til Mental Helse Stordal, bør du gjere det no! Det er ganske enkelt eineståande kva laget får til. Nettsida finn du HER  

Mental Helse Stordal si facebookside HER 

Sjå gjerne også tidlegare reportasje om lokallaget HER

Vi gratulerer lokallaget med alt det dei har fått utretta og ikkje minst gratulerer vi Anna Margrethe med vel fortent pris!

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Gardane i Seljebotn
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS