Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Nøgde prisvinnarar, f.v. Siri Cathrin Øcalan, Nils Tomas og Reidun Hove, saman med ordførar Charles Tøsse fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Denne staden bør du oppsøkje! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dette flotte diplomet er på plass ved Nilsgardstunet fotograf Hallgeir Hove

Nilsgardstunet beste spisestad i regionen!

Nilsgardstunet i Stordal er regionsvinnar av Ganefartkonkurransen 2012. Av alle spisestadane i Møre og Romsdal, Sør-, og Nord-Trøndelag, var det Nilsgardstunet som gjekk til topps!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.08.2012

Med denne sigeren, kan Nilsgardstunet med rette tittulere seg som den beste spisestaden i regionen! Ikkje nok med det, i neste omgong skal også vinnaren på landsbasis kårast. Dette skjer seinare i haust og då er Nilsgardstunet ein av dei åtte finalistane!

Det var tysdag denne veka at kåringa vart offentleg og dagen etter, var representant frå Bygdekvinnelaget, saman med Ganefart-ansvarleg på plass, med både diplom og blomsterbukettar. (sjå reportasje i Storfjordnytt)

Sjølvsagt har ordførar i Stordal, Charles Tøsse, også overrekt blomster og gratulasjonar og han var sjølvsagt særs glad for kåringa både på Nilsgardstunet og kommunen sine vegne. 

I og med at Nilsgardstunet vart regionvinnarar, går turen også til Oslo. Den 14. og 15. september arrangerer nemleg Innovasjon Norge, Matstreif på Rådhusplassen. Arrangementet er ein sanselig opplevelsesfestival der ein kan lukte, smake og spise norske kvalitetsprodukt. Det er 100 utstillarar som skal vere med. Store og små matvareprodusenter skal då friste med spanande smaksopplevelsar og inspirasjon til dei besøkjande.

Les meir om prisoverrekkjinga på Storfjordnytt si heimeside!

Heimesida til prisvinnarane finn du her!

Meir om den store matfestivalen på Rådhusplassen i Oslo her! 

Stordal kommune gratulerer Nilsgardstunet som regionsvinnar av Ganefartkonkurransen 2012! 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Frå Jøssvollbotnen | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Posten skal fram!
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS