Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Eit passande bilde av ein verdig mottakar av Stordal kommune sitt kulturstipend 2012 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
850 elleville publikumarar hyllar Storfjordgruppa etter at premieren var ferdig! fotograf Hallgeir Hove

Mats Rune Larsen tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend 2012

Stordal kommune sitt kulturstipend 2012 er tildelt Mats Rune Lilleås Larsen. Han får stipendet takka vere sin eineståande innsats i samband med ungdomsmusikalen "We Will Rock You".

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.12.2012

La det vere sagt med ein gong; Det å verte tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend er ei utmerking som heng særs høgt. Ikkje minst med tanke på kven som har motteke dette stipendet tidlegare og også dei mange dugande ungdomane våre, som kvar på sine felt utmerkar seg i stort mon. I vår tidlegare reportasje om kulturstipend 2012, kan du lese meir og der finn du også oversikta over alle stipendtildelingane frå 2002 og fram til i dag.  

Så attende til årets stipendmottakar Mats Rune. Til liks med fleire av dei som har motteke denne utmerkinga tidlegare, har han verkeleg engasjert seg og bidratt til å få ting til å skje. Mats Rune har m.a. vore særs aktivt med i det meste av det Stordal Ungdomsklubb har fått til dei siste åra og sjølvsagt engasjerte han seg i Stordal Ungdomsråd, då dette kom på plass. Men det er altså musikal-prosjektet "We Will Rock You", som verkeleg har bidratt til at folk også langt ut over kommunegrensene, har fått med seg kva Mats Rune står for!

Då vi omtala prestasjonane til Mats Rune og resten av gjengen i Storfjordgruppa tidlegare i år, brukte vi overskrifta "Tidenes suksess!" Dette står vi for framleis!

Både Mats Rune sin innsats, og dei mange unge saman med han, er dekka i relativt omfattande reportasje tidlegare og det skadar langt frå å ta eit tilbakeblikk på alt det som vart teke med der. Då tenkjer ein også på alle lovorda og den positive omtalen både i aviser og på andre nettstadar. 

Vi gratulerer Mats Rune med tildelinga! 


Du finn sjølvsagt ein heil del bilder frå musikalsuksessen både på Stordalshallen sitt bildegalleri og ved å fylje lenkene i reportasjen ovanfor, finn du sjølvsagt endå meir! 

Musikalsuksessen også på film!

Om du enno ikkje har fått det med deg, er det kjekt også her å nemne at du no kan kjøpe den fantastisk flotte filmen frå denne eventyrlege suksessen! DVD´n er altså i salg og ein kan trygt slå fast at dette må vere den mest rocka julegåva nokon sinne! Du får kjøpt den både på sørviskontoret og på frivillingsentralen her i Stordal og i tillegg også ved Storfjord Kulturhus på Stranda.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Ytste-Skotet
Ytste-Skotet
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS