Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Ingvild Parr
Flott dansekveld med mange danseglade på plass den 26. januar fotograf Ingvild Parr
Fotograf: Hallgeir Hove
Barneleikarringen på scena under kulturkvelden sist 17. mai fotograf Hallgeir Hove

Populært med folkedans!

Stordal Folkedansgruppe stod som arrangør av danskveld i Stordalshallen sist laurdag. Det var god oppslutning om tilstellinga der det i tillegg til flott dansemusikk frå scena av Valldal spelemannslag, også var både middag og kaffe å få. Eige kåseri ved Eva Hilde Lingås var det og.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.01.2013

Folkedansgruppa i Stordal driv godt, der dei m.a. møtast til øving i grendasalen kvar onsdag frå kl 1900 til kl 2230. I tillegg til dei mange frå Stordal som er med, er det også ein heil del frå bydgene rundt som er med. Turar rundt om til andre danseglade i distriktet vert det og, som ein del av opplegg i regi av Sunnmørsringen.

No er det ikkje første gongen folkedansgruppa arrangerer dansekveld og når det denne gongen var nærare 100 danseglade med, er det all grunn til å hevde at det er blitt lagt merke til kor kjekt dei har på desse arrangementa. 

Kjekt var det også at Storfjordnytt var på plass og laga reportasje om det heile. Truleg vert det endå fleire som får lyst til å bli med då.

At folkedans er populært ser ein også i form av at også dei yngste vil vere med. Arna og Ole Magnar Øvrebust m.fl. sitt tilbod med fast øving ein gong i veka har også god oppslutning og no vert det tilbod om å vere med på kurs i regi av kulturskulen i tillegg. Leikarringen har vi alt hatt gleda av å oppleve, seinast under kulturkvelden sist 17. mai.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
17.mai gamlekyrkja
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS