Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

God respons på tilskotskurs, meld deg på!

Sunnmøre Regionråd melder om særs god respons i høve til tilskotskursa som skal avviklast denne hausten. Om du enno ikkje har meldt deg på, kan det vere kjekt å vite at fristen er sett til den 31. august. Men ver likevel klar over at det er "først til mølla" i høve til dei få ledige plassane som står att! 30 milliardar ventar på deg og dine prosjekt!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.08.2013
Anders A. Vik
Anders A. Vik kan alt som skal til for å nå tak i tilskot!

Vi kjenner til at det så langt er heile 36 personar påmeldt til dei to kursdagane, som skal avviklast i Ørskog Samfunnshus. Kursa vert vidare arrangert fem andre stadar på Sunnmøre (Ålesund, Ulstein, Volda, Sykkylven og Brattvåg) og også der er responsen god. Kanskje ikkje så rart det, når ein veit kor mykje pengar det er snakk om ein kan nå tak i!

30 milliardar ventar nemleg kvart år på gode prosjekt!

For dei som bur her i Stordal kommune, er det kanskje lettast å delta på kursa ved Ørskog Samfunnshus og dit kjem kurshaldar Anders A. Vik fyljande dagar:

Tysdag 24. september: Innføringskurs om tilskotsordningar

Tysdag 22. oktiber: Praktisk kurs i søknadsskriving

Ein kan velje om ein vil delta på dag- eller kveldskurset desse dagane og vi veit at det framleis er nokre ledige plassar. Det er nemleg sett eit tak på 50 deltakarar, så her må de vere om dykk om de ynskjer å delta! 

Her er ei oversikt over dei som har meldt seg på frå Stordal kommune og kanskje er det fleire som bør nytte høve, når det no endeleg har lukkast for oss å få i stand eit slikt unikt kurs?

Hilde Dyrkorn, Stordal Hornmusikklag
Vigdis Hove, Stordal IL
Ole Andre Vidhammer, Stordal IL
Nina Hauglid, Stordal Helselag
Jonas Falch, Stordal Helselag
Anna Margrethe D Moe, Stordal Mental Helse
Ingrid Løset, Stordal Mental Helse
Hallgeir Hove, Stordal kommune
Bjørg Jacobsen, Stordal kommune
Diana Helland, Stordal kommune

Det er sjølvsagt veldig kjekt at heile 10 av dei 36 påmeldte på Ørskog kjem herifrå, men vi vil gjerne ha med endå fleire! (No er det også slik at denne oversikta er basert på tal frå tidlegare i sommar, så det kan sjølvsagt tenkjast at fleire er komne til) 

Sjå vår tidlegare reportasje for alle detaljar om dette unike kurset! 

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Storvasshytta
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS