Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Langrennsgruppa
Ikkje mange som klarer henge på denne karen! fotograf Langrennsgruppa
Fotograf: Alfred Nilsen, Storfjordnytt
Ole Magnar i godt selskap (som nr 4 frå høgre) i samband med overrekkjingane i november 2009 fotograf Alfred Nilsen, Storfjordnytt
Fotograf: Hallgeir Hove
Ole Magnar, saman med kona Arna, også sterkt engasjert i arbeidet med å tilby folkedans for born og unge fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ole Magnar, her saman med John Steinar Storheim, også sterkt delaktig i dugnadsprosjektet knytt til gapahuken på Mosætra i år fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Før siste strøket med beis var tørka på gapahuken, var Ole Magnar (midten) også på plass for å få tilbygget ved Stordalshallen realisert! fotograf Hallgeir Hove

Ole Magnar Øvrebust tildelt Stordal kommune sin kulturpris

Stordal kommune sin kulturpris vert delt ut annankvart år og det skal ikkje vere tvil i at dette er ein pris som heng særs høgt. At Ole Magnar Øvrebust er ein verdig mottakar av prisen, er det heller ingen tvil om. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.11.2013

Når Ole Magnar Øvrebust no er tildelt Stordal kommune sin kulturpris 2013, er det med bakgrunn i hans store innsats innan mange ulike område av kulturlivet i Stordal. I framlegget på nettopp han, vert det peika på at han har vore aktiv i korpsmiljøet i over 50 år, han har vore ei eldsjel i langrennsmiljøet i ei rekkje år og vidare har han bidratt i stort mon også inn mot folkedansgruppa i Stordal. Sist men ikkje minst vert også hans store vilje til å stille opp på dugnad trekt fram.

Når det no er klart at Øvrebust er den som får kulturprisen er det som peika på, all grunn til å slå fast at denne heng særs høgt i ein kommune der det skjer så utruleg mykje flott innan nettopp kulturfeltet. Sjå gjerne tidlegare reportasjar, der ein også ser kven som har motteke prisen fram til no.  

Ein nærare presentasjon av prisvinnaren, syner at han verkeleg er ein slik pris verdig! 

Aktiv i korpsmiljøet

I samband med ein av Stordal Hornmusikklag sine mange suverene konsertar, vart det gjort ekstra ære på dei som hadde helde på lengst i korpsmiljøet. Då går vi attende til november 2009, der Ole Magnar, saman med Leif Arne Dybdal (tildelt Stordal kommune sin kulturpris i 1997) mottok heidersdiplom frå Norges Musikkorps Forbund (NMF).     

Den gongen skreiv vi fyljande: "Stordal Hornmusikklag har, i sine rekkjer, to som kan sjå attende på over 50 års teneste! Dette er Leif Arne Dybdal og Ole Magnar Øvrebust. Dei fekk (i tillegg) utdelt flott heidersdiplom frå Norges Musikkorps Forbund. Det var leiaren i Stordal Hornmusikklag, Hilde Dyrkorn, som stod for overrekkjingane".

Eldsjel i langrennsmiljøet i ei årrekkje

Med sine vel 1 000 innbyggjarar er det ganske enkelt imponerande kva ein kan vise til, når det gjeld skiidrett i fylket sin minste kommune. Både innan hopp, alpint og langrenn er det særs stor aktivitet og Stordal IL har markert seg både kva gjeld breidde og topp, i ei årrekkje. Ole Magnar Øvrebust er ein av dei som verkeleg har vore med på å bidra til dette, gjennom sin innsats for idrettslaget og då spesielt inn mot langrennsidretten i ein mannsalder. At langrennsgruppa no også har norgesmeistrar i sine rekkjer, må Ole Magnar finne seg i å få mykje av æra for! I tillegg til å bidra med sin kunnskap om alt det som har med langrenn å gjere, er det ikkje få timar som har gått med også i høve til å legge forholda best mulig til rette for dei mange aktive i gruppa. Då tenkjer vi mellom anna både på arbeid med å få anlegg på plass, dei utallige timane med løypekøyring på Stavsengfjellet og meire til. 

Ole Magnar har også vist oss andre at det er ingen ting i vegen for at ein kan vere aktiv og ha stor glede av å delta i konkurransar, sjølv om ein har passert 70. For alle oss som hadde eit håp om å gå frå han i langrennssporet - etterkvart som han vart eldre - er dette sjølvsagt noko deprimerande, men måten han held seg i form på er uansett noko å prøve å ta etter for alle og einkvar!   

Sist vinter laga vi ein eigen reportasje, etter at Ole Magnar og resten av langrennsfamilien i Sjurgarden på ny imponerte under Birkebeinarrennet.

I tillegg til denne, er det ei rad andre reportasjar som omhandlar den suksessen langrennsgruppa kan vise til.

Mange år i folkedansgruppa, både som aktiv og instruktør for born.

Då Stordalshallen stod ferdig i 1997, bidrog dette også til eit løft for folkedansmiljøet i Stordal og Ole Magnar har vore aktivt med i det som no heiter Stordal Folkedansgruppe, i alle desse åra. Dei siste åra har han og kona Arna også engasjert seg i arbeidet med å få til folkedanstilbod for born og unge. Resultatet av dette har vi m.a. fått sjå i samband med kulturkveldane 17. mai og ved andre høve. No har det sjølvsagt vore eit aktivt folkedansmiljø i Stordal også lenge før Stordalshallen kom på plass og Ole Magnar har vore med der, heilt sidan ungdomsåra og då som ein del av aktiviteten til Stordal Ungdomslag.

Dugnad

Når vi skal omtale ein kulturprisvinnar i Stordal, kjem vi ikkje utanom dette med dugnad. Vi har ovanfor peika på den enorme dugnadsinnsatsen han har lagt ned både innan korps- og langrennsmiljøet. Men det slett ikkje berre der han har lagt ned sine timar. I samband med bygginga av Stordalshallen for 16 år sidan var Ole Magnar sjølvsagt sterkt delaktig. Også etter at hallen stod ferdig har han vore med, m.a. då vi bygde hems på utstyrsommet der. Den siste tida har han brukt mykje tid på å få den flotte gapahuken på Mosætra på plass og før siste spikaren vart slått i der, var han også først ute til å melde seg til teneste som dugnadsleiar knytt til arbeidet med å få tilbygget ved Stordalshallen på plass! Det er heilt sikkert endå meir som burde vore trekt fram her, men dette viser iallefall at han verkeleg er ein flott representant for noko av det Stordal har gjort seg bemerka som; nemleg dugnadskommuna!

Truleg er det mykje meir som burde vore med i vår omtale av årets kulturprisvinnar, men uansett er dette særs imponerande.

Vi nyttar høve til å takke Ole Magnar for den imponerande innsatsen han har lagt ned innan kulturområdet i Stordal og gratulerer med vel fortent pris! 



   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Me-Skotet
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS