Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Ingrid Løset (leiar) og Anna Margrethe Drægebø Moe (t.h.) kan gle seg over å få kr 73.000 til nye flotte tiltak i 2014 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Mental Helse Stordal
Ikkje noko å seie på kreativiteten, når lokallaget skal sette opp aktivitetsplanen sin fotograf Mental Helse Stordal

Meir Extramidlar til Mental Helse Stordal!

Det særs aktive lokallaget har nyleg fått beskjed om at ein no vil motta heile kr 73.000 i form Extramidlar. I 2012 vart laget tildelt kr 71.000, noko som har bidratt til ei rad flotte aktivitetstilak siste året. Med tildelinga no, og med ein slik aktiv og kreativ gjeng, ligg alt til rette for ei rad flotte folkehelsetiltak også i 2014.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.12.2013

At lokallaget til Mental Helse i Stordal er aktivt, er det altså ingen som helst tvil og mindre aktivitet vert det naturlegvis ikkje av slike flotte løyvingar. Om det framleis er nokon som enno ikkje har fått med seg alt det laget står for, er det berre å ta seg ein tur innom heimesida deira. Sjølvsagt har ei også eiga facebookside.

Vi har laga fleire reportasjar tidlegare om Mental Helse Stordal og m.a. også lenka opp mot den prisvinnande heimesida deira. Vert å ta eit tilbakeblikk på dette.

I tillegg til å motta heider og ære for beste nettside, har dei også ein i sine rekkjer som har motteke Inspirasjonsprisen frå FFO Møre og Romsdal, nemleg Anna Margrethe Drægebø Moe!

Vi gratulerer Mental Helse Stordal med løyvinga og slår vidare fast at den var inderleg vel fortent!


   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Kleivavatnet
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS