Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Vekstkommune prosjektet
Vekstkommune prosjektet
Olav Bratland
Olav Bratland er leiar i styringsgruppa

No skal vi skape vekst!

Torsdag 20. mars er det klart for informasjonsmøte og idémyldring kring vekstkommune-prosjektet, der målet m.a. er å skape 75 nye arbeidsplassar i Stordal! Vi har gode erfaringar frå tidlegare idé-dugnadar her og skal ein lukkast i dette umåteleg viktige arbeidet, er det sjølvsagt viktig at flest mogleg ynskjer å vere med! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.03.2014

Prosjektet, som altså skal gå over 4 år, har 2 millionar kroner til rådevelde kvart år . Totalt altså heile 8 millionar. Det heile vert eit spleiselag der fylkeskommmunen bidreg med 1 milllion årleg og der kommunen og næringslivet går inn med kr 500.000,- kvar. I tillegg vil ein del av næringsfondet til kommunen bli nytta inn mot prosjektet. 

I tillegg er det særs gledeleg å registrere at ein har fått på plass ei styringsgruppe beståande av fyljande personar:

- Jan Georg Langset (observatør frå Innovasjon Norge)
- Eivind Vartdal Ryste (observatør frå Møre og Romsdal fylkeskommune)
- Elisabeth Støle
- Charles Tøsse (ordførar)
- Eva Hove (varaordfører)
- Hallgeir Øvrebust
- Anne Berit Løset
- Olav Bratland (leiar i styringsgruppa) 

Med denne styringsgruppa på plass og med tidlegare idédugnadar friskt i minne, er det all grunn til å sjå med stor optimisme på det som vil kome ut av dette prosjektet. Men då er det altså viktig at også DU stiller opp den 20. mars!

Som det går fram av invitasjonen, som no er distribuert ut til alle husstandane i Stordal kommune, vert kvelden lagt opp slik:

1) Prosjektpresentasjon

2) Markedsføringsplan og moglegheiter

3) Diskusjon og idémyldring

MØT OPP OG VER MED OG BIDRA TIL Å SKAPE NY VEKST I STORDAL!


Meir om prosjektet:

Det skal også tilsetjast ein prosjektleiar og ein går i desse dager ut og søkjer etter denne personen. Inntil prosjektleiaren/leiinga er på plass har Olav Bratland sagt seg viljug til å jobbe ein del ekstra med dei oppgavene som naturlig ligg under prosjektleiaren.

Bratland fortel at styringsgruppa er i gong for fullt, og at arbeidshanskane er tekne på! Han poengterer at dette er eit tungt prosjekt og at vi ikkje har nokon garanti for å lukkast. Difor ynskjer ein altså at heile Stordal skal ta på seg arbeidshanskane og bli med på idemyldringa den 20 mars. Skal vi løfte Stordal, må vi løfte i flokk!

Det vert også arbeidd med å få til ei større ekstra marknadsføring av Stordal i form av eit spleiselag mellom vekstkommuneprosjektet og næringslivet. Det vil også bli orientert litt om dette arbeidet, den 20 mars. Det er særskilt dette med ledige næringslokale som vil stå i fokus her.

Alt i dag (måndag 10. mars) kjem NRK Møre og Romsdal for å lage fjernsynsreportasje og i løpet av tysdag og onsdag vil lokalavisene og Sunnmørsposten også vere på plass. 

Ein kan altså med rette hevde at dette prosjektet ser ut til å få akkurat den pangstarten som skal til for at ein skal lukkast. No krevst det berre at vi alle tek på oss arbeidshanskane og blir med og bidreg. Vi har gode erfaringar frå tidlegare, når det gjeld nettopp det. Dermed bør det meste ligge til rette for ein vellukka kveld, der det altså er noko så viktig som Stordal si framtid, som står på agendaen!

Møt opp torsdag 20. mars og bli med og løft Stordal opp og fram!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Hallgeir Hove
Bilete frå visningstur 06 I
Hallgeir Hove
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS