Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vellukka kulturmønstring i Stordalshallen, søndag 5. februar!

UKM 2006 - deltakarane samla på scena - Klikk for stort bilde Den lokale gjennomføringa av Ungdommens Kulturmønstring vart veldig flott. Som vanleg var det litt få påmeldte etter at fristen var gått ut, men mange nye innslag kom på plass i løpet av dei siste dagane før mønstringa. Arrangørane i 10. klasse ved Stordal skule kan sjå attende på eit prikkfritt arrangement, der også den unge og lovande lydteknikaren Jan Roger Hauge la ned solid innsats.

UKM 2006 - Kristoffer Olai R Stavseng - Klikk for stort bilde UKM 2006 - To dugande programleiarar - Klikk for stort bilde UKM 2006 - Åge og Knut Sivert  - Klikk for stort bilde

Heile 18 ulike innslag, fordelt på scene (6), video (1) og utstilling (11) var med og her var mykje å glede seg over. I tillegg hadde også Maria Holand Tøsse ("Idol Maria") ei gjesteopptreden der ho framførte to låtar saman med eit band, beståande av ho og 6 andre jenter frå Fagerlia vgs. Arrangørane kan altså seie seg godt nøgde med gjennomføringa og med to dugande programleiarar i spissen og med ein hardtarbeidane og dugande lydmann med på laget, vart dette kjempeflott! Alle deltakarane fortener sjølvsagt også ros for at dei var med på å gjere dette til eit så flott arrangementet. Her var det mange talent i sving og for ein del av disse vil det også verte høve til å delta på fylkesmønstringa seinare i år. No er det altså berre å vente på uttaket i spaning. Uansett om ein kjem med der eller ei, så vil ein oppmode alle deltakarane med å halde fram med det flotte arbeidet. Heilt til slutt må ein også nemne innsatsen til juryen. Dei gjorde ein grundig og god jobb og fortener takk for at dei sa ja til å vere med. I juryen sat: Stine Mari Håberg Nygård, Odd Einar Kalvø, Marita Ekroll og Egil Schistad.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Korsadal
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS