Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Jenny Langlo og gitarist Andreas Remø Fugelsnes fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Rockebandet Poseidon frå Ørskog fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Safehouse med medlemmar frå Stordal og Ørskog hadde sin første opptreden på StordalsTRØKK fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
DJ Bigs frå Ålesund fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Jenny signerte banneret som ho sjølv var med å lage i 2007 fotograf Bjørg Jacobsen

StordalsTRØKK med Jenny på heimebane!

Laurdag gjekk den åttande utgåva av StordalsTRØKK av stabelen i Stordalshallen, med discotek og live musikk "non-stop" i fem timar. Det store trekkplasteret i år var Jenny Langlo, medan bandet Safehouse hadde sin debut og Poseidon var med for tredje gong.

Publisert av Bjørg Jacobsen. Sist endret 04.11.2014

Førstemann på scena denne kvelden, var Ålesundaren DJ Bigs. Han var også på scena mellom dei andre banda som spelte, i tillegg til at han avslutta kvelden med discotek. Kl. 22.00 var det Jenny Langlo og gitarist Andreas Remø Fugelsnes som inntok scena. Dei over 70 ungdommane som hadde tatt turen til Stordalshallen fekk m.a. oppleve ei sprudlande Jenny Langlo som spelte både eigne låtar og kjende låtar av andre artistar. Ho framførte også sine nye låt "Words" for første gong og etter konserten var det mange som fekk tatt "selfie" med Jenny!

Jenny gleda seg stort over å spele på heimebane - og ikkje minst det å få vere med på StordalsTRØKK igjen. Jenny var blant dei som tok initiativet til konseptet StordalsTRØKK i si tid, og var med å lage banneret som har følgt arrangementet opp gjennom åra. Banneret laga ho saman med Ida Sturset i 2007, fortalde Jenny, samtidig som ho signerte "discokula" som er limt på.

Bandet Poseidon frå Ørskog har vore med på StordalsTRØKK tidlegare og gjorde ein flott opptreden også i år. Poseidon består av vokalist Ole Jørgen Reite, Tor Egil Sjøholt på bass, gitarist Trygve Walbø og Andreas Vidhammer på trommer.

Flott opptreden også av det rykande ferske bandet Safehouse, som hadde sin første opptreden på StordalsTRØKK. Safehouse er samansett av medlemmar frå Stordal og Ørskog, med Amalie Ekroll Hove frå Stordal på vokal, Julie Olsen Almås frå Stordal på vokal og gitar, samt ørskogbygdarane Tor Egil Sjøholt, Trygve Walbø og Andreas Vidhammer. 

Jaro Lyd & Lys sto for den tekniske produksjonen og sjølve tilrigginga var det ungdommar og foreldre som sto for kvelden før. Under sjølve arrangementet stilte flinke foreldrevakter opp - utan desse hadde det ikkje vore mulig å ha eit slikt arrangement. Om arrangøren Stordal ungdomsklubb skal kunne tilby fleire slike rusfrie arrangement seinare, er ein avhengig av nok publikum, velvillige og mange nok foreldre, samt ungdommen sin eigeninnsats - både i forkant og etter arrangementet.  

Stordal ungdomsklubb vil rette ein stor takk til Sparebanken Møre og deira støtte frå Gullkornmidlane på kr. 20.000,- i høve arrangementet.

Sjå flott reportasje frå StordalsTRØKK 2014, på Storfjordnytt si heimeside.

Les også førehandsreportasje med lenker til tidlegare StordalsTRØKK.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

stordal flyfoto 002
stordal flyfoto 002
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS