Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kristina Malene Ravn Stavseng utteken til Landsmønstringa i UKM

Kristina Malene Ravn Stavseng skal representere Stordal kommune under Landsmønstringa av UKM 24. - 28. mai 2006. Dermed er Kristina den aller første frå vår kommune som har kome vidare frå Fylkesmønstringa.
Kristina Malene var ein av i alt 8 deltakarar frå Stordal kommune som deltok under Fylkesmønstringa i Herøy kommune 31. mars t.o.m 2. april. Alle gjorde ein flott innsats og kom attende med gode tilbakemeldingar, nyttige erfaringar og rike på inntrykk.

Spenninga var sjølvsagt stor framføre sjølve uttaket til Landsmønstringa og stor var også gleda då ein kunne registrere at Kristina Malene var blant dei uttekne. Dermed er det endå fleire som vil få høve til å oppleve denne særs lovande ungjenta framføre det flotte innslaget "Czardas" (av Monini) på fiolinen sin.

Kristina vart, som kjent også tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend for 2005, saman med bror sin; Kristofer Olai.

Alt om Ungdommens Kulturmønstring kan du finne nedanfor.
 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Lam som leikar seg i Arnegarden
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS