Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kristina Malene Ravn Stavseng imponerte under Landsmønstringa av UKM i Trondheim.

Kristina Malene Ravn Stavseng, UKM 2006
Den særs talentfulle 12-åringen gjorde seg bemerka då ho deltok under Landsmønstringa av UKM i Trondheim, 25. - 28. mai. Ho var på scena både i Olavshallen, på Royal Garden og under eigen kyrkjekonsert.
Kristina Malene er målretta, legg ned mykje tid og er stadig på farta, for å utvikle seg innan strykemusikken. Denne unge fiolinisten kjem vi garantert til å få høyre meir om i tida framover.

Å delta på Landsmønstringa er ei stor oppleving og Kristina Malene har synt at det let seg gjere å kome dit. Dette bør motivere og inspirere alle andre unge talent herifrå.

Du kan les meir om Landsmønstringa ved å klikke deg inn på UKM si eiga heimesida. Ikkje minst kan du klikke deg inn på linkane nedanfor og lese meir om Kristina Malene, under Landsmønstringa. Du kan til og med få med deg opptak frå sjølve framføringa hennar!

Igjen vil vi få gratulere Kristina Malene og ynskje ho lukke til vidare!
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Inste Skotet
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS