Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Anne-Marthe Stavseng
Liten tvil om at dette er eit idyllisk område fotograf Anne-Marthe Stavseng
Fotograf: Anne-Marthe Stavseng
Spennande å sjå korleis maten vart laga i gamle dagar fotograf Anne-Marthe Stavseng
Fotograf: Anne-Marthe Stavseng
På stølsdagen er det mange dyr ein kan helse på fotograf Anne-Marthe Stavseng
Fotograf: Hallgeir Hove
I 2012 hadde Fien med seg geita si. Det var stor stas fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Tora og Torunn syner fram den flotte osten dei hadde laga fotograf Hallgeir Hove

Klart for Langsæterdagane 2016!

Komande helg er det endeleg klart for det populære arrangementet kalla Langsæterdagane. Dette går over to dagar og som namnet seier, skjer det heile på Langsætrane. På laurdagen er det stølsdag og då med base på Kvitlane, medan det er på Pusken det skjer på søndagen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.08.2016

Langsæterdagane vart første gong arrangert i 2004 og dermed i høgste grad ein tradisjon. I starten var dette årvisse arrangement, men etterkvart har ein kome til at det er naturleg å køyre dette annakvart år. Til helga er det altså klart for ei ny utgåve og malen er omlag den same som åra før, så her er det berre å gle seg for både små og store. Det er Stordal Sogelag som står bak arrangementet, men laget har også mange gode medhjelparar i tillegg.

STØLSDAGEN laurdag 27. august. På Kvitlane.

Frå klokka 12.00 vert det mellom anna ysting av ost, kjinning av smør, koking av søst/mysebrøm, og det vert servert smaksprøver av ulike produkt. Grupper med handarbeid og handtverk vil vere i sving og vise framgangsmåtar og gjenstandar, og det vert konkurransar, hesteriding og eventyrstund for borna. Dyr på stølen. På Bondens marknad kan ein finne mykje godt å kjøpe, og det vil bli smaksprøver frå Tine. Sal av sveler og kaffi. Varm mat frå Nilsgardstunet.

GUDSTENESTE- OG UNDERHALDNINGSDAGEN søndag 28. august. På Pusken.

Gudsteneste med dåp klokka 12.00. Stordal hornmusikklag spelar til salmesongen. Etter gudstenesten er det matpause med sal av varm mat frå Nilsgardstunet og kaffi og kaker, etterfulgt av underhaldning med mellom anna musikk og song. Forventa slutt om lag klokka 15.00.

Sjå gjerne våre mange tidlegare reportasjar om desse flotte arrangementa! Det er også lenker til eigne bildegalleri der.

Rett etter at dette arrangementet er slutt, kan du forflytte deg til parkeringsplassen på Overøye og få med deg turmarsj og ikkje minst den offisielle opninga av den nye turvegen mellom Overøye og Almås


   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Frå Jøssvollbotnen | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Posten skal fram!
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS