Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Storfjordnytt
Helga Løset Skodjereite og Sofie Flaate Busengdal, var dei to yngste som deltok. Dei spela vakkert på blokkfløyte. fotograf Storfjordnytt
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø
"Marius and the outliggers" representerte på mange måtar eit anna ytterpunkt. Det skal bli spanande å følgje med disse dugande karane. fotograf Bjørn Steinar Skarbø
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø
Maria Holand Tøsse gjorde det særs godt i "IDOL", og har, til liks med Daniel Kalvø, også vore med i fylkesmønstringa av UKM tidlegare. Denne gongen stilte ho med eigenprodusert låt, der også Iris Tangen (piano) var med. fotograf Bjørn Steinar Skarbø
Fotograf: Storfjordnytt
Kristina Malene R Stavseng kom heilt til Landsfinalen i fjor. Denne gongen viste ho også at ho kan meir enn å spele vakker musikk. fotograf Storfjordnytt
Fotograf: Storfjordnytt
Lisa Kalvø og Hasib Hadzalic, var programleiarar, noko dei klarte fint. fotograf Storfjordnytt

Mange flotte innslag under lokalmønstringa av UKM 2007.

Søndag den 21. januar vart lokalmønstringa av UKM, avvikla i Stordalshallen. Det var høgt nivå på det som vart synt fram der og også arrangørane i 10. klasse, kan sjå attende på eit vellukka arrangement.
Dei som deltok med sceneinnslag var:

- Jenny Langlo (song) og Kristina Malene R Stavseng (gitar)
- Sofie Busengdal og Helga Løset Skjodjereite (begge blokkfløyte)
- Maria Holand Tøsse (song), Iris Tangen (piano) og Daniel Kalvø (gitar)
- Knut Sivert Vikenes (song) og Åge Staurset (gitar)
- "Marius and the outliggers" Claus Hoff (vokal), Åge Staurset (bass), Robin Aasen (gitar) og Adrian Hoff (trommer)

Det var stor spennvidde på dei ulike innslaga og det var elles ekstra kjekt å registrere at både Maria, Knut Sivert/Åge og "Marius and the outliggers" stilte opp med innslag dei hadde laga sjølve.


Disse hadde utstilingsgjenstandar:

- Kristina Malene R Stavseng (3 bileter)
- Nils Robert Leganger (bilete og skateboard)
- Kenneth Søvik og Stein Are Sæter (bilete)
- Jenny Kristin S Langlo (bilete)

Sjølv om utstillinga kunne vore større, var det høg kvalitet på det som var med.


I juryen denne gongen sat: Marita Ekroll, Eva Hove, Thor Haugen og Arild Hove.

Ansvarleg for lyd og lys var: Jan Roger Hauge. Han hadde også med seg Peter Johansen og Daniel Vad.

Arrangør var, som tidlegare nemnt, elevane i 10. klasse. Både elevar og føresette fortener ros for vel gjennomført lokalmønstring. I tillegg er det viktig å rette ei stor takk til dei som styrte med lyd og lys og dei som sat i juryen. Sist men ikkje minst er det viktig å takke, og gje ros til, alle deltakarane. Det er liten tvil i at det er mange talent her. Lukke til vidare!

Uttaket til fylkesmønstringa vert ikkje offentleggjort før den 23. februar. Fram til då er det berre å vente med spaning....

Alt om UKM, finn de som kjent under www.ukm.no
Sjå også under Kultur og fritid på kommunen si heimeside, for meir om UKM.




   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Ole-Andre Vidhammer
Stordal småbathamn
Ole-Andre Vidhammer
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS