Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Leseombod i Stordal kommune

Stordal bibliotek arbeider med å få i gang ordning med frivillige leseombod. Er det nokon som kan tenke seg ei slik oppgåve så kontakt Bjørg Moltu ved Stordal bibliotek.
Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.04.2007
bok
bok
Å lese er ein viktig del av kvardagen vår. Men vi veit at det finst store grupper som ikkje kan eller orkar å lese. Dette kan ha mange årsaker som t.d. funksjonshindringar eller sjukdom. Mange kan av ulike årsaker ha problem med å lese ein enkel tekst.


Leseombod

Det er her ideen om leseombod kjem inn: Leseomboda hjelper dei som ikkje kan eller orkar lese sjølve. Leseomboda skal syte for regelmessige lesestunder med høgtlesing. Slike lesestunder kan for mange vere ei kjelde til større livskvalitet, der ein kan få verdfulle litteratur - opplevingar og tilgang på skriftleg informasjon.
Dette er ikkje noko nytt – det er mange, t.d. tilsette i institusjonar som les mykje for bebuarane. Det ein ønskjer no, er å gi hjelp og rettleiing til å sette det meir i system.


Landsomfattande ordning

Det kan nemnast at ordninga alt er i gong i 9 fylke i Noreg, og det er om lag 400 aktive leseombod i heile landet.
Folkebiblioteket skal vere koordinerande instans for leseomboda i kommunane. Dette inneber at biblioteket skal organisere kursing og opplæring, og dei skal hjelpe til med å skaffe ulike typar tilrettelagt materiale.


Leseombud Stordal kommune

Stordal bibliotek arbeider med å få i gang ordning med frivillige leseombod. Er det nokon som kan tenke seg ei slik oppgåve så kontakt Bjørg Moltu ved Stordal bibliotek.
I tillegg til å organisere leseombod, vil Stordal bibliotek bygge opp samlingane med bøker og anna materiell som er lett tilgjengeleg for dei som av ulike årsaker har problem med å lese vanleg tekst.
I tillegg til å organisere leseombod, vil Stordal bibliotek bygge opp samlingane med bøker og anna materiell som er lett tilgjengeleg for dei som av ulike årsaker har problem med å lese vanleg tekst.
 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Idyll ved Lillevatnet
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS