Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: John Kristian Hjelle
Stordal hornmusikklag og Lignum i fellesnummer. fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: John Kristian Hjelle
Lignum på scena. fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: John Kristian Hjelle
Stordal hornmusikklag under leiing av Lars Kaggerud. fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: John Kristian Hjelle
Stordal skulekorps under leiing av Lars Kaggerud. fotograf John Kristian Hjelle

Flott vårkonsert

Det var storfint besøk frå Nederland under vårkonserten i Stordalshallen den 1. mai. Klarinettkoret Lignum imponerte stort med sine ferdigheiter. Imponerte gjorde også Stordal hornmusikklag og Stordal skulekorps under leiing av dirigent; Lars Kaggerud.
Stordal skulekorps innleia det heile med flott innmarsj, for deretter å framføre fleire flotte nummer. Det er tydeleg at Lars Kaggerud verkeleg har fått det unge korpset, med ein snittalder på 11 år, til å låte bra. Ekstra kjekt var det difor at han kunne melde at han har teke på seg å leie korpset også til neste år!

Lars Kaggerud losa oss gjennom ein flott vårkonsert på utmerket vis, og i og med våre gjestar frå Nederland, sytte han for å ta det heile både på norsk og på engelsk. Kaggerud hadde også gleda av å få dele ut 5 års medaljar til 3 av medlemmane i Stordal skulekorps. Disse var: Jenny Langlo, Petrine Dyrkorn Alne og Vegard Busengdal

Etter at skulekorpset var ferdig, var det Stordal hornmusikklag sin tur til å glede publikum frå scena. Hornmusikken var denne gongen forsterka med medlemmar frå Valldal hornmusikklag, som dei som kjent har eit nært og godt samarbeid med. Det var verkeleg høg klasse over det disse røynde musikarane framførte.
Artig var det også å få med seg trommeslagaren Jeanette Dyrkorn Alne då ho imponerte som solist på sandpapir(!)
Hornmusikken runda av med å spele eit flott fellesnummer saman med Lignum.

Etter pausen, med innlagt sal av kaker og kaffi, var det så Lignum som underheldt dei mange frammøtte. Dette nederlandske klarinettorkesteret som er på norgesturné no, var eit eksotisk innslag og dei held eit særs høgt ferdigheitsnivå. Her fekk vi høyre moderne, spesialskriven musikk for klarinettorkester, men også klassiske "svisker" som "Våren" av Grieg og tendensar til allsong på "Tulipaner fra Amsterdam"

Det var Gert Rietman som - i samarbeid med Leif Dybdal i Stordal Hornmusikklag - hadde organisert opphaldet i Stordal, og Lignum retta stor takk til dei for godt gjennomtenkt opplegg.
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Ytste-Skotet
Ytste-Skotet
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS