Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Storfjordnytt
Helga Løset Skodjereite, i akson som Pippi. fotograf Storfjordnytt
Fotograf: Storfjordnytt
Emma Victoria Græsmo, i aksjon som Ida. fotograf Storfjordnytt
Fotograf: Storfjordnytt
Per Ivar Skodjereite, som Karlsson på taket. fotograf Storfjordnytt
Fotograf: Storfjordnytt
Det var lagt ned mykje arbeid på førehand. I tillegg til fleire vekers omfattande øving, var det laga flotte kostymar, kulissar m.m. fotograf Storfjordnytt
Fotograf: Storfjordnytt
Jenny Marita Sørås, som Emil. fotograf Storfjordnytt

Kjempeflott Astrid Lindgren - oppsetting!

Stordal hornmusikklag og Stordal skulekorps si oppsetting kalla: "På loffen i Astrid Lindgrens verden" vart godt motteken av publikum og arrangementet fekk også særs god omtale i media.
Etter over to månader med øving og anna førebuing var det klart for framføring av dette musikkspelet, laurdag den 17. november. Og for ein suksess det vart!

Det er berre å slutte seg til gratulantane og konstatere at dei dugande medlemmane i hornmusikken og skulekorpset, under leiing av dirigent Lars Kaggerud, nok ein gong har gleda oss med sine flotte prestasjonar.

Det er liten tvil i at det ligg mykje arbeid bak det heile. Ein ting er all øvinga som har pågått dei to siste månadane. Ein annan ting er alt arbeidet knytt til å få ordna med flotte kostymar, kulissar o.l. Det er ganske enkelt imponerande!

Det ligg også mykje arbeid bak å rigge til med scene, lyd og lys og her fortjener også karane i Stordal Lyd og Lys ros for flott innsats, nok ein gong. Det bør også nemnast at Stordalshallen har investert betydeleg på "lyd- og lyssida" den siste tida, noko som også bidreg til at kvaliteten på det som vert framført frå scena vert betre.

For meir om det flotte arrangementet viser ein til storslagne omtalar i både Storfjordnytt, Bygdebladet og Sunnmørsposten.
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Skotshalsen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS