Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Karnelesgarden
Karnelesgarden er eit vakkert skue.

Kulturpris både til Ålesund Jeger og Sportsfiskerforening og til Knut Vinje.

Stordal kommune sin kulturpris for 2007 vert delt mellom Ålesund Jeger og Sportsfiskerforening og Knut Vinje. Dei mottek prisen for deira store innsats i høve til restaurering av eldre bygningsmasse og dermed sikre uvurderlege verdiar for ettertida.

Stordal kommune har heilt sidan 1993 delt ut kulturpris. Denne vert delt ut annankvart år.

I vedtektene heiter det m.a. at prisen kan gjevast til einskildpersonar eller grupper av personar, lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege.

I ei kommune med eit så rikt kulturliv, er det liten tvil i at kulturpristildelinga heng særs høgt. Når ein ser på oversikta over tidlegare kulturprisvinnarar i Stordal kommune, får ein stadfesta dette.

Tidlegare tildelingar:

1993:
Stordal skulekorps

1995:
Ola Stavseng

1997:
Lars Øvrebust og Leif Arne Dybdal

1999:
Sindre Helland

2001:
Svend Snerling

2003:
Einar Kåre Hove

2005:
Marna Overøye og Kirsti Almås


Dei som deler prisen for 2007 har i ei årrekkje lagt ned eit omfattande arbeid m.a. i samband med restuarering av eldre bygningsmasse.

For Ålesund Jeger og Sportsfiskerforening, er dette knytt til fjellgarden Korsedal, medan det for Knut Vinje sin del gjeld restaureringa av Karnelesgarden på Vinje i Stordal.

Prisvinnarane har dermed vore med på å ta vare på kulturminner av stor verdi for oss i dag og ikkje minst for våre etterkomarar. Ei tildelinga av kulturprisen til Ålesund Jeger og Sportsfiskerforening, kan også sjåast på som ein anerkjennelse av det omfattande arbeidet som vert lagt ned ved dei andre strand- og fjellgardane i kommunen. (les meir om arbeidet på nettsida deira. Sjå link nederst her)

Vidare kan tildelinga til Knut Vinje på tilsvarande vis også vere ein anerkjennelse til det omfattande restaureringsarbeidet som er utført både i Øvre Stordal og elles i kommunen.

Utdelinga av Stordal kommune sin kulturpris for 2007, vil finne stad under Årsfesten for Stordalshallen, laurdag den 16. februar 2008.

Ein vil med dette få gratulére prisvinnarane nok ein gong!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Ytste-Skotet på våren
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS