Fotograf: Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Det var fullt på scena, når alle dei 55 musikantane var i aksjon. fotograf Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Fotograf: Atle Hole
Dei yngste musikantane framførte også eigne nummer. fotograf Atle Hole
Fotograf: Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Stilige danseinnslag var med på å gjere det heile endå flottare. fotograf Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Fotograf: Atle Hole
Song høyrer sjølvsagt også med når ein skal framføre "Grease." fotograf Atle Hole
Fotograf: Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Anne Berit takkar Lars Kaggerud for den formidable innsatsen hans disse 12 åra. fotograf Ruth Janne Vinje, Bygdebladet

Stordal og Vatne skulekorps imponerte.

Sist søndag inviterte Stordal og Vatne skulekorps til felleskonsert i Stordalshallen. Det var musikk og dans frå filmen/musikalen "Grease", som var tema og det heile vart rett så imponerande.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.05.2010

I forkant av konserten søndag, hadde dei to korpsa øvd saman i Stordalshallen heile helga og Stordal skulekorps har i tillegg vore med på øvingshelg på Vatne.

Under leiing av dirigent Lars Kaggerud framførte dei 55 musikantane heile 13 melodiar. I tillegg til musikken var det også song og dans. Kjempeflott!

Dei yngste musikantane fekk også høve til å vise kva dei kan og aspirantar frå Stordal og Vatne spela både saman og kvar for seg.

I samband med konserten vart det også delt ut medaljar til dei i korpset som har vore med lenge. Jeanette Dyrkorn Alne fekk medalje for å ha vore med i korpset i 10 år! Vidare vart 7-årsmedalje delt ut til Karoline Dyrkorn Alne og 5-årsmedalje til Amalie Dyrkorn, Sofie Busengdal, Yoon Young Chang og Trine Øvrebust.

Anne Berit Løset var som vanleg flink som programleiar og mot slutten av konserten nytta ho også høve til å takke Lars Kaggerud for den flotte innsatsen han har lagt ned i alle dei 12 åra han har pendla hit til Stordal. I tillegg til å vere dirigent for korpset dei fire siste åra, har han som alle veit også vore sentral i det meste av det Stordal hornmusikklag har fått til, og det er ikkje så reint lite! Det er ikkje til å legge skjul på at vi alle håper at det ikkje er siste gongen Kaggerud står på scena i Stordalshallen.

Både korpsa, songarane, dansarane og den dugande dirigenten, mottok ståande applaus frå publikum.

Fortjent ros også til Peter Johansen som styrte lyden og til Jan Roger Hauge, som koordinerte og var med på opp- og nedrigg.

I forkant av konserten var det høgtidleg overrekkjing av pris til Stordal kommune, som "Årets Ungdomskommune 2009." Sjå eigen reportasje her. Konserten på søndag kan stå som eit godt døme på alt det ein får til av tilbod og aktivitet for unge her.

Sjå flott reportasje frå konserten i Storfjordnytt den 22. april. Lenker nedanfor. Sjå også fleire bilder frå konserten i Stordalshallen sitt bildegalleri.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove