Fotograf: Stig Vtane
Øvingshelg skulekorps, nov 07\Frå trampolina I fotograf Stig Vtane
Fotograf: Stig Vatne
Øvingshelg skulekorps, nov 07\Eli sikrar jente i veggen fotograf Stig Vatne
Fotograf: Stig Vatne
Øvingshelg skulekorps, nov 07\Luftig svev på Team Track fotograf Stig Vatne
Fotograf: Stig Vatne
Øvingshelg skulekorps, nov 07\Matservering i idrettshallen fotograf Stig Vatne
Fotograf: Marit
Øvingshelg Stordal skulekorps, nov. 07. Aspirantar frå Stordal og Sykkylven, øvde saman. fotograf Marit

Flott øvingshelg i Stordalshallen!

Fredag 2. til og med søndag 4. november var det stor aktivitet i Stordalshallen. Då hadde nemleg Stordal skulekorps invitert fleire korps i distriktet hit, for felles øvingshelg.
I løpet av helga fekk dei deltakande musikantane vere med på mykje spanande, i tillegg til omfattande øvingsaktivitet då sjølvsagt.

Det var instruksjon i klatring, skyting og trampoline. Det var høve til å boltre seg på Team Track´n, spele bordtennis og mykje meir. I tillegg var det sett av tid til bading. Utpå kvelden vart det også høve til å sjå film på storskjerm, etter eit smakfullt fellesmåltid i hallen.

Det heile vart avslutta med ein fantastisk flott konsert inne i idrettshallen på søndag ettermiddag.

Matserveringa, kake- og kiosksalet og mykje meir, var det Stordal skulekorps som stod for. Ekstra imponerande var dette, når ein veit at korpset og hornmusikken då var midt oppe i dei siste førebuingane til den store Astrid Lindgren-oppsettinga! (sjå eigen reportasje)

Tilbakemeldingane frå dei gjestande korpsa var udelt positive og dermed er kanskje berre å byrje seg til liknande arrangement vert arrangert.

For dei som valgte å møte opp til korpskonserten, denne søndagen, vart det iallefall ei flott oppleving!

Tusen takk, alle saman!

Ekstra takk til Stig Vatne og Marit, frå Sykkylven, som var så snille og sende over flotte bilder frå øvingshelga!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove