Fakta om Stordal

 
  Stordal gamle kyrkje (Rosekyrkja) er bygd i 1789 og Stordal kyrkje er bygd i 1907
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stordal Ungdomsklubb

Ungdom i Stordal kommune fekk sin eigen stad å vere, hausten 2004. Dermed var endå eit flott aktivitetstilbod på plass.

Dugnaden ved Stordal Ungdomsklubb starta i september 2003. - Klikk for stort bilde

Stordal ungdomsklubb held til i Stordal Næringsbygg og er samlokalisert med Stordal frivilligsentral. Ungdomsklubben er open for all ungdom frå ungdomsskulealder og til og med 20 år. Aktivitetane starta opp i september 2004, etter at eit omfattande dugnadsarbeid hadde pågått i meir enn eitt år. Lokala er særs innbydande og godt utrusta og det er lagt til rette for ei rad ulike aktivitetar der. Det er aktivitetskveldar to gonger i veka, med vaksenkontakter på plass til ei kvar tid. 

Aktiviteten ved Stordal Ungdomsklubb må kunne hevdast å vere særs god. I tillegg til dei faste klubbkveldane, har ungdomsklubben stått bak ei rad flotte arrangement og prosjekt. Av dei større arrangementa nemner vi dei interkommunale ungdomstreffa, samt StordalsTRØKK, som begge deler vert arrangert i Stordalshallen. (Du finn mykje meir om alt dette i nyhendearkivet vårt).

Stordal Ungdomsklubb er rikt utrusta og har også eige kinorom med flotte kinoseter til over 20 personar. Det er eiga scene, lyd- og lysutstyr, biljard, bordtennis og air-hockey, i tillegg til brettspel.

Medlemmane i ungdomsrådet er også ungdomane sine representantar i styret for Stordal ungdomklubb. Styret består elles av ein representant frå kommunen og 2 foreldrerepresentantar. (Les meir om ungdomsrådet i lenke nedanfor).

Bjørg Jacobsen vart frå 1. september 2010, tilsett som dagleg leiar av frivilligsentralen og koordinator for ungdomsråd og ungdomsklubb. 

Frå januar 2016 tok ungdomsklubben over drifta av Stordal musikkverkstad og er nyleg pussa opp. Musikkverkstaden er open onsdagar kl. 20.00-22.00 eller du kan ta kontakt med Bjørg Jacobsen for å låne nøkkel om du vil låne musikkverkstaden.

Kontaktpersonar ved Stordal Ungdomsklubb.
Kontaktpersonar ved Stordal Ungdomsklubb.
Namn:TelefonE-post:
Bjørg Jacobsen 90529164E-mail
Josefine D. Alne (ungdomsrådet)46972550E-mail
Hallgeir Hove (kulturkonsulent)90949358 70279123E-mail
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Utsikt frå Ausskjeret | Fotograf: Christian Busengdal
Frå Ausskjeret
Christian Busengdal
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS