Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Barnas juleprogram er klart!

Barnas juleprogram 2017 - Klikk for stort bildeBarnas juleprogram 2017

Når det no er like før vi skriv desember månad og ei ny førjulstid står for tur, er det også kjekt for oss å kunne presentere eitt nytt og innhaldsrikt program med aktivitetar for barn og unge i det vi kallar Barnas juleprogram.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.11.2017

Ser ein på oversikta over aktivitetstilbod, skulle ein nesten tru at dette gjaldt ein kommune med mange tusen innbyggjarar, men det er altså Stordal det er snakk om og i tillegg til alt det som er kome med i programmet veit vi at det er/blir endå meir.

Legg også merke til den store spennvidda, der ein kan nyttegjere seg av dei mange tilboda i Øvre Stordal og på Stavsengfjellet, hygge seg i bassenget ved Stordal skule, få med seg ei rad kjekke arrangement både på Dyrkorn, i Stordalshallen, ved Stordal ungdomsklubb og Stordal frivilligsentral. Det er vidare ei rad flotte konsertar, sjølvsagt skulen si flotte juleavslutning og mykje, mykje meir.

Her finn du det omfattande og spanande juleprogrammet. Fire sider full med god info om det du kan få med deg framover (PDF, 833 kB)

I tillegg kjem naturlegvis også dei andre tilboda som kan nyttast året rundt, slik som t.d. Stordal Treningssenter, friluftslivsmuligheitene såvel til lands, som til vanns osv osv. Legg ikkje minst også merke til muligheitene ein har for å låne seg utstyr ved Stordal frivilligsentral.

Vi kan også avsløre at det kjem til å bli muligheit for å vere med på eit treningstilbod kalla tabata, i løpet av denne jula. Her er ikkje dato og tid heilt bestemt enno, men mest truleg vert dette før sjølve jula set inn for fullt. Vi vil legge ut meir info om dette så snart vi har det klart. Som så mykje anna på programmet vårt, vil også dette vere gratis. Det er i Stordalshallen det skal skje og då med Sofie Flaate Busengdal, som instruktør. (meir info med det første altså)

Så minner vi om Stordal kommune sin kulturkalender, som også har mykje info om komande arrangement og lenker til nettsider og facebooksider det kan vere kjekt å hente informasjon frå.

Med dette vil vi ynskje alle saman ei retteleg fin førjulstid og ei fredfull julehøgtid!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Ytste-Skotet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS