Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Barnas kommune inviterer til opplevingar!

Barnas Supersommar 2019 s 1 - Klikk for stort bildeBarnas Supersommar 2019 s 1

Stordal kommune har fått tilskot frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet til å arrangere gratis opplevingsturar i nærområdet!

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.07.2019

Stordal kommune har fått tilskot frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet til å arrangere gratis opplevingsturar i nærområdet!

Målgruppa for turane er barn i alderen 7-18 år frå Stordal og Norddal. Vi håper at barn og unge frå begge kommunane har lyst å vere med og bli betre kjent med kvarandre!

Det startar opp alt i neste veke, med tur til Valldal aktivitetspark onsdag 3. juli (Påmeldingsfrist 30. juni).

Onsdag 7. august blir det tur til Tafjord friluftsbad og Ville krefter – Tafjord Kraft- og skredsenter. (Påmeldingsfrist 4. august)

Onsdag 14. august besøker vi Kulå Bowling. (Påmeldingsfrist 11. august).

Sjå meir informasjon i programmet (PDF, 861 kB)

 

For påmelding og eventuelle spørsmål:
E-post til: bjorg.jacobsen@stordal.kommune.no (tlf. 90529164)
Det er begrensa antal plassar - så her er det først til mølla!

 

Det er også mykje anna ein kan vere med på i løpet av sommaren, og vi kan m.a. nemne at biblioteket som vanleg har sommarleskampanje for 1.-7. klasse.

I Stordal blir det Sommarlesfest 16. september med sjølvaste Torunn Tusj! Meir informasjon om Sommarles på www.sommarles.no   

Informasjon om Ytste Skotet finn du på http://www.sunnmore.museum.no/musea/ytste-skotet/

Vi anbefaler også ulike fjellturar i området, sjå www.morotur.no og www.stikkut.no 

Så har vi som kjent også alt lagt bak oss folkefesten, Stordalscup!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stordalsholmen
Stordalsholmen
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS