Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Berre 20 dagar att!

Stordal sentrum  - Klikk for stort bildeStordal sentrum

I skrivande stund er det berre 20 dagar att til fokuset verkeleg vert retta mot Stordal kommune generelt og til Stordalshallen spesielt. Fredag den 27. april, nærare bestemt kl 20.00, er det nemleg klart for høgtidleg opning av årets Fylkesfestival av UKM her. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.04.2018

Stordalshallen, Stordal skule, Stordal folkebibliotek, Kirkebø Stadion m.m. - Klikk for stort bildeStordalshallen, Stordal skule, Stordal folkebibliotek, Kirkebø Stadion m.m. Våre eiga Jenny, har opplevd mykje! ..også i UKM-samanheng. - Klikk for stort bildeVåre eiga Jenny, har opplevd mykje! ..også i UKM-samanheng. UKM Synfaring i Stordalshallen - besøk frå musikkrådet og UKM Møre og Romsdal - Klikk for stort bildeSynfaring i Stordalshallen - besøk frå musikkrådet og UKM Møre og Romsdal Hallgeir Hove Fylkesfestival av UKM 2018 - oversiktskart - Klikk for stort bildeFylkesfestival av UKM 2018 - oversiktskart

27.- 29. april er det duka for den årlege Fylkesfestivalen, som i år altså er lagt til Stordal kommune.

Fylkesfestivalen er ein viktig smeltedigel for ung kultur i Møre og Romsdal og består av omlag 400 ungdommar i alderen 13-20 år frå våre 36 kommunar. Ungdommane er samla for å bli kjent med kvarandre, utøve det dei brenn for, delta på workshops/verkstader og vise publikum kva dei driv med i form av forestillingar og kunstutstilling. UKM er ingen konkurranse, men ein møteplass, visningsarena og ein stad for utvikling av ung kultur. I løpet av denne helga vil du kunne få med deg 6 forestillingar med eit breitt og høgt kvalitativt innhald innan musikk, dans, drama, film, akrobatikk og meir. Dei fleste artistar, kunstnarar og kulturutøvarar vi kjenner gjennom media har som oftast delteke på UKM i ei eller anna form, som til dømes Stordals «eigne» Jenny Langlo. Driv du med noko du elskar så er UKM staden for deg.

På UKM si eiga heimeside finn du meir

Når det no verkeleg byrjar nærme seg, er det stadig meir detaljert info å finne på nettsidene. No kan du m.a. sjå rammepogrammet for heile helga, slik det ser ut til å bli. Du kan gå inn og sjå kven dei er, alle dei som skal vere med, osv osv. Her er den siste opptateringa, som kan vere kjekk å få med seg både for deg som skal vere publikum, og ikkje minst for dei mange ungdomane som kjem for å delta.

Les meir her: Info 2 - deltaker


Stordalssamfunnet er klar til å ta imot!

Her i Stordal kommune har vi, i nært samarbeid med dei dyktige folka ved UKM Møre og Romsdal/Møre og Romsdal musikkråd, jobba med førebuingane i lang tid no der målet vårt naturlegvis er at samtlege som deltek under Fylkesfestivalen (uansett om det no er som publikum, deltakar, journalist, eller samme kva) skal få ei så flott oppleving her hjå oss, som berre mulig.

Lokalsamfunnet vårt har ved fleire høve tidlegare vist seg tilliten verdig, med tanke på å stå bak større arrangement og då kan vi ikkje minst nemne både Landsfinalar og Junior-NM i alpint. Vi har hatt Veteran-NM i skihopp og vi har vore vertskap for Fylkespensjonisttreff opp til fleire gongar. Vidare har vi nærare 40 års erfaring med å arrangere Stordalscup, som kvart år har besøkstall på nærare 7 000, for å nemne noko. Når ein vel å bruke VI her, er det ikkje tilfeldig. Det er nemleg slik at ein har rimeleg bra belegg for å hevde at heile lokalsamfunnet vårt stiller på, også i samanhengar som dette, og det er ikkje til å legge skjul på at vi også er litt stolte over å bli omtala som dugnadskommunen. Men nok sjølvskryt her. Poenget vårt er å få fram at vi også denne gongen har erfart at viljen er stor til å stille opp og at dette lovar godt i høve til det som skal skje. Sjølv om Stordal kommune, som kjent, er den minste i høve til folketal i Møre og Romsdal, føler vi oss rimeleg trygge på at dette skal bli bra. I tillegg til stor velvilje frå lag og organisasjonar, registerer vi også at lokalt næringsliv er veldig klar for å bidra. Dette ser ein t.d. i form av at Busengdal Transport tek på seg å få frakta lift til og frå Stordalshallen, at verksemder som Nevotex og First Process bidreg med materiale til klargjering av kunstutstillinga ved Stordal bedehus, at Ole Ringdal stiller på med kjølebil, at både Joker Stordal, COOP Marked Stordal og Best Stordal, alle saman bidreg. Fleire andre har også signalisert at dei gjerne stiller på.

Vi trur også at vi kan love eit ganske så flott opningsshow på fredagen i Stordalshallen, utan at vi har så lyst til å røpe særleg meir om den saken her.

Vi kjem tilbake med meir info i dagane framover.

No har vi verkeleg starta nedtellinga til årets Fylkesfestival av UKM, folkens!

Sjå gjerne vår tidlegare førehandsreportasje, der vi også ser på Stordal, som UKM-kommune

Nettsida til UKM Møre og Romsdal

UKM Møre og Romsdal på facebook

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Kvitlane 7.nov 2009
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS