Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Berre tre veker att!

Stordalscup, oversiktsbilde - Klikk for stort bildeStordalscup, oversiktsbilde Stordalscup

Siste dagen av mai er komen og dermed er det kun tre veker att til den årvisse folkefesten her i Stordal. Jonsokhelga går nemleg den 39. utgåva av Stordalscup av stabelen og då veit alle at det blir masse liv og røre frå fredag ettermiddag til langt ut på søndagen. Eit heilt lokalsamfunn er klar til å ta imot tusenvis av gjestar frå fjern og nær fotballgruppa har helde på i vekesvis med førebuingane. Få stadar kan nok vise til så lang og god arrangørerfaring som nettopp Stordal.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.05.2019

Stordalscup 2018 - laurdagen.jpg - Klikk for stort bildeStordalscup 2018 - laurdagen.jpg Stordalscup 2009. Fair play - Klikk for stort bildeStordalscup 2009. Fair play Hallgeir Hove Frukt og grønt. Stordalscup 2008 - Klikk for stort bildeFrukt og grønt. Stordalscup 2008 Hallgeir Hove Stordalscup 2010. Holmlia - Klikk for stort bildeStordalscup 2010. Holmlia Hallgeir Hove

Det er rart å tenkje på at vi må heilt tilbake til sommaren 1980, for å finne året då Stordalscup vart arrangert for første gong. Det starta med fire herrelag, så kome damene med etterkvart. Men etterkvart fann ein altså ut at det var stas å få med dei aldersbestemte laga og å legge opp til ei rad andre aktivitetar og rett og slett lage folkefest utav det. På det meste har det vore nærare 100 lag med og i løpet av ei slik helg snakka ein gjerne om at det er 7 000 personar innom. For at alle desse gjestane skal ha det best mulig, mønstrar fotballgruppa eit funksjonærkorps på fleire hundre. Ja, faktisk kan nærare ein tredejedel av alle innbyggjarane vere involvert i større eller mindre grad.

Omfattande samling av bildegalleri

Vi har vore opptekne av å synleggjere mest mulig av alt det flotte som skjer og dette har m.a. resultert i at vi har fått laga til ein del bildegalleri opp gjennom åra. Vi håper det er mange som vil ha glede av å sjå tilbake på år der ein sjølv eller andre kjente var med, evt berre late seg imponere over breidda og omfanget, ikkje minst då den eineståande dugnadsinnsatsen. For alle dei som evt ikkje har fått oppleve Stordalscup, bør nettopp slike tilbakeblikk vere det som avgjer at ein vel å ta med seg laget og elles familie, venner og kjente til Stordal og til folkefest. I tillegg til dei mange bildegalleria, finn ein også lenker til ei rad flotte filmsnuttar frå det heile.

Stordalshallen fekk heimeside på plass i 2006 og sidan den gongen har det blitt ein del bilder også knytt til Stordalscup, for å seie det sånn. Det er berre å fylje lenkene bakover.

Pass på å få meldt deg på!

I skrivande stund er det berre ni dagar att før påmeldingsfristen går ut og difor kan det passe å også minne om dette. På Stordalscup si heimeside er det lett å finn fram og få utført dette og då er du også sikra å få vere med. Det er alt god deltaking i mange av klassene og erfaringsmessig er det mange som melder seg på i løpet av dei siste dagane før fristen går ut. Også i år kan arrangørane gle seg over at langvegsfarande lag skal delta. Vestbyen frå Trondheim har vore med dei to siste åra og sølvsagt kjem dei att i år og. Så ser vi m.a. at Skavøypoll frå vår nabokrets i Sogn og Fjordane er på plass, i lag med fleire lag frå Søre Sunnmøre.

Mykje meir enn fotball!

Det er kanskje ikkje nødvending å gjenta at Stordalscup er så uendeleg mykje meir enn fotball, men uansett. Både rundt om på stadionområdet og i og omkring Stordalshallen, skjer det noko heile tida så om du er fotballinteressert eller ei, er nettopp Stordal rette staden å vere i dagane frå 21. t.o.m den 23. juni!

Sjå gjerne også invitasjonen frå arrangørane

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Inste Skotet
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS