Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Bjørg Moltu er tildelt Bibliotekprisen for Møre og Romsdal!

Bjørg Moltu - bibliotekprisen 2018 - Klikk for stort bildeBjørg Moltu - bibliotekprisen 2018

Norsk bibliotekforening avdeling Møre og Romsdal delte 5. september ut Bibliotekprisen for Møre og Romsdal 2018 under sitt årsmøte. Vinnaren vart Bjørg Moltu, biblioteksjef i Stordal kommune.

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.09.2018

Bjørg Moltu - bibliotekprisen 2018. Såpeboblefest juni 2018 - Klikk for stort bildeBjørg Moltu - bibliotekprisen 2018. Såpeboblefest juni 2018 Hallgeir Hove Bjørg Moltu - bibliotekprisen 2018. Stubbediktvandring 2014 - Klikk for stort bildeBjørg Moltu - bibliotekprisen 2018. Stubbediktvandring 2014 Hallgeir Hove Bjørg Moltu - bibliotekprisen 2018. Dokketeater  - Klikk for stort bildeBjørg Moltu - bibliotekprisen 2018. Dokketeater Hallgeir Hove Bjørg Moltu - bibliotekprisen 2018. Bjørg hadde m.a. ansvaret for den flotte kunstutstillinga - Klikk for stort bildeBjørg Moltu - bibliotekprisen 2018. Bjørg hadde m.a. ansvaret for den flotte kunstutstillinga Hallgeir Hove

Bibliotekprisen er ein prestisjefull pris som vert delt ut annakvart år til ein person, institusjon eller organisasjon som har utvikla, synleggjort eller på anna måte fremja biblioteka og arbeidet deira i fylket på ein spesielt god måte. Resultat, aktivitetar, nytenking og synleggjering vert spesielt vektlagt.

Her får du med deg pressemeldinga i si heilheit (PDF, 184 kB)

At biblioteksjefen vår fortener prisen, er det slik sett liten tvil om. Bjørg har vore tilsett i Stordal kommune heilt sidan 1985 og etter nokre få år i barnehagen tok ho til å jobbe på biblioteket, der ho har gjort ein framifrå jobb i alle desse åra. Dei siste åra har det vore ekstra myke fokus kring biblioteksjefen vår, m.a. gjennom prosjekt som "Biblioteket i farta" der også satsinga på "Stubbedikt" og mykje anna spanande inngjekk. Vi kan vidare nemne dette med dokketeater, eventyrstunder, såpeboblefest, "haudelyktsafari", "trim og bokbad" og mykje, mykje meir. Mykje av dette har Bjørg fått til, også takka vere eit nært og god samarbeid med frivilligheita i kommunen. Det flotte arbeidet ved biblioteket i Stordal har også vakt merksemd utover landegrensene. M.a. i tidskriftet Scandinavian Library Quarterly, var det flott reportasje om "biblioteket i farta."

Grunngjevinga til prisutdelar (PDF, 203 kB) har ei avslutning som seier det meste og som det ikkje er vanskeleg å slutte seg til: 


"Med andre ord er det eit kreativt, engasjert, førebiletleg, inspirerande og omsorgsfullt menneske som får Bibliotekprisen i år. Det er på grunn av eldsjeler som Bjørg at vi framleis har levande bygder her i landet, som gjer at folk vil byggje og bu, og aller mest; at dei vil bli."

Gratulerer, Bjørg!

 

 

nettsida til Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal kan du m.a. lese meir om prisen og kven som har motteke denne tidlegare.

Vi har leita litt i nyhendearkivet vårt og deler gjerne ein del av reportasjane om Bjørg og det flotte arbeidet ho legg ned:

Stordal kommune til topps i Sommarleskonkurransen (2006)

Stordal bibliotek på topp! (2006)

Adventsstund på biblioteket (desember 2012)

Stubbediktvandring (august 2014)

Inspirasjonskveld (september 2014)

Heilaften med trim og bokbad (november 2014)

Stubbediktvandring (juni 2015)

Stubbediktvandring (august 2015)

Stubbediktvandring (juli 2016)

Fylkesfestivalen av UKM (april 2018)

Ubeskriveleg flott Fylkesfestival! (april 2018)

Eventyrstund og såpeboblefest (juni 2018)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Nedre-Dyrkorn ein marsdag
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS