Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Bli med på årets første vekas tur!

Loesetnakken_lightbox_full_screen.jpg - Klikk for stort bilde

No er vi i gang med Vekas tur i Fjord kommune - og første tur går til Løsetnakken, øvst i Stordal, torsdag 9. mai. Nytt høvet til å gjere deg kjent i bygdene våre.

Torsdag 9. mai kl 1800 går turen til Løsetnakken. Oppmøte og parkering på lunneplassen litt ovanfor for gardane på Løset, øvst i Stordal.

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 24.05.2019

Dale.JPG - Klikk for stort bilde Rønneberg.jpg - Klikk for stort bilde

Løsetnakken er seter for Løsetgardane og ligg høgt og fritt i ei bratt skråning, 400 moh. Der er fleire sel der som vitnar om seterdrift i tidlegare tider.
 
Turleiar ventar på setra og vil fortelje om staden. Turen tek om lag to timar. Det vil truleg ligge snø i terrenget så det er lurt å ha fottøy som toler vatn.
 
NB! Vi satsar på at det blir mildver slik at nysnøen som har kome har minka til turen skal gjennomførast. Bli med, vi trur det blir ein fin tur uansett, det gjeld berre å kle seg etter veret!
 
Om det blir endringar så vil det bli kunngjort på nettsidene til kommunane.
 
Ferje frå Eidsdal kl 1730. Turleiar: Ingrid Løset/Mental Helse
 
Vel møtt på tur! Nytt høvet til å gjere deg kjent i bygdene i nye Fjord kommune!
 
 
Program framover:
 
Torsdag 16. mai: Rundtur på Linge, Valldal
 
Torsdag 23. mai: Vardefjellet i Valldal
 
Måndag 27. mai: Kjellsura i Norddal
 
Torsdag 30. mai: Ruggå frå Hauge, Fjørå
 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Lille-Skorkja
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS